Hopp til innhold

Mange såra i eksplosjon i Canada

15 menneske er såra i ein eksplosjon på ein restaurant i Mississauga i den canadiske provinsen Ontario. To mistenkte er på flukt.

Eksplosjon Mississauga, Canada

Dei to mistenkte blei fanga opp av overvakingskamera.

Foto: Politiet

Eksplosjonen fann stad på den indiske restauranten Bombay Bhel rundt klokka 22.30 lokal tid torsdag.

– Vi har transportert tre av offera til sjukehus med det eg vil kalle kritiske skadar. Dei andre tolv har berre mindre skadar, seier Joe Korstanje i ambulansetenesta til avisa Times Colonist.

To mistenkte er på flukt

Politiet fortel at to menn gjekk inn på restauranten, detonerte bomba og stakk av. Politiet ber publikum om hjelp for å finne ut kven dei to mennene er. Dei hadde på seg hettejakker og hadde skjerf framfor andletet.

Motivet for angrepet er ikkje kjent.

Kjøpesenteret der eksplosjonen fann stad, er sperra av.

Mississauga ligg ved Lake Ontario, rundt 30 kilometer vest for Toronto.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt