Hopp til innhold

Mange reagerer på at London-ektepar vart sette fri mot kausjon

Ekteparet som er mistenkte for å ha halde tre kvinner i huset sitt i London som slavar i over 30 år, er sette fri mot kausjon. Avgjerda har vekt reaksjonar.

Politiinspektør Kevin Hyland i London Met.

Kevin Hyland er leiar for London-politiet si trafficking-avdeling.

Foto: Ap

Det var i går ettermiddag at meldingane kom om at tre kvinner på 69, 57 og 30 år vart berga ut av eit hus i bydelen Lambeth søraust i London, og at eit ektepar var arrestert. 69-åringen er frå Malaysia, 57-åringen frå Irland og 30-åringen er britisk. Ekteparet er ikkje britiske statsborgarar, men politiet har ikkje opplyst kva land dei kjem frå.

Avgjerda om å setje fri ekteparet mot kausjon har vekt stor undring i Storbritannia, sidan dei ikkje vart arresterte før i går. Heile saka har vekt stor oppsikt, og det folk lurer på er korleis tre menneske kunne haldast som slavar i eit bustadhus i eit travelt nabolag i 30 år, fortel Aas.

Trur ikkje på nettverk

Aneeta Prem er leiar i Freedom Charity.

Aneeta Prem i Freedom Charity seier at dei tre kvinnene har vore haldne under forferdelege forhold.

Foto: Sang Tan / Ap

Politiet opplyser at dei tre kvinnene er «sterkt traumatiserte» etter opplevingane i huset, og at det har vore vanskeleg å avhøyre dei.

Britisk politi trur ikkje lengre at dei to som er mistenkte er ein del av eit større nettverk. Ifølgje AP trur ikke politiet dei vil finne fleire offer.

– Kontrollert fridom

Dei tre vart berga ut av huset i London 25. oktober, men saka vart ikkje kjend før i går. Det er uklart om ekteparet som eig huset også vart arresterte denne datoen, og om dei har vore i varetekt heilt til dei vart sette fri mot kausjon seint i går kveld.

Det var organisasjonen Freedom Charity som først kom i kontakt med kvinnene, etter at den 57 år gamle irske kvinna hadde greidd å skaffe seg ein telefon.

Politiet opplyser at dei tre kvinnene har hatt ei form for «kontrollert fridom», utan at dei har gått i detalj om kva det inneber. Dei skal blant anna ha vore mogleg for dei så sjå på fjernsyn.

Leiaren for Freedom Charity, Aneeta Prem, seier at dei tre kvinnene har vorte haldne i huset under «forferdelege forhold».

LES OGSÅ: Siktede i påstått slaverisak løslatt

– Var i stor fare

– Dei tre var livredde for ekteparet, og dei følte at dei var i stor fare, seier Aneeta Prem.

Etter å ha sett eit tv-program om Freedom Charity sin kamp mot menneskehandel, ringde den irske kvinna til organisasjonen og fortalde ho og to andre kvinner hadde vore haldne i huset mot sin vilje i 30 år. Freedom Charity tok straks kontakt med politiet, og dei tre kvinnene kom ut av huset etter forhandlingar med ekteparet.

London-korrespondent Espen Aas

London-korrespondent Espen Aas om etterforskninga.

– Det var først etter fleire telefonsamtalar, der organisasjonen oppnådde kvinnene sin fulle tillit, at kvinnene kom seg ut av huset. Heile prosessen tok rundt ei veke, seier Aneeta Prem til BBC.

Dei tre kvinnene oppheld seg no på ein hemmeleg stad, der ei frivillig gruppe hjelper dei til å tilpasse seg eit liv i fridom.

– Jubel og tårer

– Det var eit kjensleladd augneblink då vi fekk meldinga over telefonen av dei tre var ute av huset. Alle som hadde jobba med saka reagerte med jubel, men også med tårer, fortel Aneeta Prem.

Det er førebels uklart om det er noko slektskap mellom det arresterte ekteparet og dei tre kvinnene, men politiet seier det er usannsynleg, sidan dei har ulike nasjonalitetar. I går sa politiet at dei ikkje har indikasjonar på at dei tre kvinnene var utsette for seksuelle overgrep.

I går kveld sa politiinspektør Kevin Nyland at den yngste av dei tre kvinnene truleg aldri hadde vore ute av huset, og at politiet no sjekkar om ho var fødd i fangenskap av ei av dei to andre kvinnene.

Fredag ettermiddag kom det fram at ekteparet også var arresterte på 1970-talet, men politiet ville ikkje seie noko meir om kva dei var arresterte for då.

– Den verste saka

Nyland, som har jobba mange år i London-politiet si avdeling mot trafficking (menneskehandel), seier at saka er den verste han har opplevd.

– Vi har mange saker med menneskehandel, og eg kan hugse saker der menneske har vorte haldne mot sin vilje i ti år, men aldri tidlegare så lenge som 30 år, sa han på ein pressekonferanse i går ettermiddag.

To er arresterte i London etter at ei kvinne har meldt dei for å ha halde henne og to andre mot deira vilje i eit hus i bydelen Lambeth sør i London i 30 år.

VIDEO: Her vart dei haldne fanga i 30 år

SISTE NYTT

Siste nytt