Hopp til innhold

Mange omkom i bru-kollaps i India

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mellom 30 og 50 menneske er frykta omkomne etter at ei hengjebru over Kameng-elva i Arunachal Pradesh i India kollapsa i dag.

Ein talsmann for politiet i landsbyen Seppa i det austlege Kameng-distriktet seier at ulukka skjedde då ei gruppe innbyggjarar frå Seppa gjekk over brua under ei jakt.

Dette er eit svært uvegsamt og aude område ikkje langt frå grensa til Kina.

Heile brua kollapsa, og alle som var på brua fall i elva, seier polititalsmann Kime Aya. Han fortel til fjernsynsstasjonen NDTV at to personar greidde å symje til land, men at det er frykt for at rundt 50 andre har drukna.

NYheitsbyrået AFP melder at minst 30 menneske er frykta omkomne etter brukollapsen. Ifølgje byrået var det rundt 70 menneske på brua for å fange ein spesiell type insekt, som er populær mat i denne delstaten.

Redningsarbeidarar skal ha berga 28 menneske, og det er hittil funne tre omkomne.

Ulukka skjedde 370 kilometer frå Guwahati, delstatshovudstaden i Assam.

Det er kraftige straumar i elva, og dette gjer redningsarbeidet vanskeleg.

SISTE NYTT

Siste nytt