NRK Meny
Normal

Mange flyavgangar til og frå Frankrike vert kansellerte

I dag startar ein tre dagar lang streik blant flygeleiarane i Frankrike. Minst sju flyavgangar frå Noreg er blitt innstilte.

Flygelederstreik i Frankrike

Flyplasstreiken i Frankrike er venta å halde fram i tre dagar, og kan spreie seg til fleire land.

Foto: Afp

Flygeleiarane streikar på grunn av innføringa av eit felles europeisk luftrom. Dei protesterer mot at prosjektet, som vert kalla for Single European Sky (SES), vil påverke tryggleiken og arbeidsforholda på jobb.

Streiken er venta å spreie seg til andre europeiske land i løpet av onsdag. Det gjeld Austerrike, Belgia, Bulgaria, Ungarn, Portugal, Italia, Spania, Storbritannia og Slovakia, ifølgje BBC.

Mange kanselleringar

Ryanair kansellerte i dag morgonavgangen frå Moss Lufthavn Rygge til Paris Orly. Den skulle etter planen gå klokka 6.30.

Tysdag er det totalt ni avgangar frå Oslo Lufthamn Gardermoen til franske byar. Seks av desse er så langt blitt innstilte. Det gjeld for flyselskapa Norwegian, SAS, Air France og Alitalia. Sjå oppdatert oversikt på Oslo Lufthamn sine nettsider.

– Me har snakka med flyselskapa, og kanselleringane er som følgje av streiken i Frankrike, seier pressekontakt Joachim Westher Andersen ved Gardermoen til NRK.no.

Pressekontakten oppmodar reisande til å ta kontakt med flyselskapet for nærmare informasjon. Han opplyser at det også kan bli forseinkingar til dei som skal fly til Spania, og kanskje Portugal.

Vil booke om passasjerane

SAS opplyser til NRK.no at dei har kansellert tre avgangar frå Oslo i dag etter pålegg frå franske styresmakter. Dei prøvar å booke om passasjerane så godt dei kan.

– Me prøvar å flytte passasjerane over på nokre større fly frå København. Eventuelt kan folk velje å utsetje flyvningen, eller få refundert billetten sin, seier pressekontakt Tormod Sansted i SAS.

– Blir det fleire kanselleringar dei neste dagane?

– Me følgjer situasjonen frå dag til dag etter kvart som me får pålegg frå franske luftfartsstyresmakter. Dei reisande får melding frå oss på SMS eller e-post, eller så kan dei kontakte oss direkte.

Desse flyselskapa har også varsla innstilte avgangar ifølgje BBC:

  • Easyjet vil kansellere rundt 128 avgangar kvar dag streiken held fram
  • Lufthansa har varsla 125 kanselleringar for tysdag
  • Ryanair kansellerer 102 avgangar til og frå Frankrike tysdag, i tillegg til forseinkingar for fly som går over fransk luftrom
  • British Airways har varsla eit ukjent tal kanselleringar
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt