Hopp til innhold

Mange hol i Metrojets tryggleiksprotokollar

Det russiske flyselskapet som eigde flyet som styrta i Egypt i helga har ei forhistorie med fleire tryggleiksmanglar. Selskapet påstår likevel hardnakka at det ikkje var noko gale med flyet, men flyekspertar er ueinige.

Metrojet-fly styrta på Sinai-halvøya

Fronten på ulukkesflyet frå Metrojet ligg ein aude stad på Sinai-halvøya i Egypt. 224 menneske døde då flyet styrta, men førebels er det uklart kva som var årsaka til ulukka.

Foto: Ap

– Den einaste moglege forklaringa er at noko utanfor har påverka flyet, sa Metrojets visedirektør Alexander Smirnov på ein pressekonferanse i dag.

Men han møter motstand frå gruppa som undersøker flyets «svarte boks». Ei kjelde i gruppa seier at flyet sannsynlegvis ikkje vart treft av noko utanfrå.

Etterforsking etter flystyrt på Sinai-halvøya

Russiske etterforskarar går blant delar frå flyvraket som ligg i Sinai-halvøya. Også egyptiske flyekspertar er sette inn i arbeidet med å finne årsaka til flystyrten.

Foto: Amr Nabil / Ap

– Det er lite sannsynleg, men eg utelukker det ikkje, seier han til nyheitsbyrået AP.

Metrojet har fått søkelyset på seg etter at 224 menneske døde i flyulukka laurdag. Det er kome fram at selskapet har hatt ei lengre rekkje tryggleiksmanglar. Det skriv nyheitsbyrået AP.

Bytta namn etter dødsulukke i 2011

Og selskapet, som før heitte Kogalymavia, bytta til og med namn etter ei mindre flyulukke i 2011, då tre menneske døde og over 40 vart skadde etter at eit transportfly starta å brenne rett før det skulle lette.

Flyselskapet var under sovjettida ein del av flyselskapet Aeroflot, som var eit statleg selskap som hadde monopol i Sovjetunionen. Først flaug selskapet innanriksruter, men har etter kvart utvida sitt nett til charterdestinasjonar.

Russarar har lagt ned blomar til minne om dei som døde i flyulukka i Egypt

I Russland sørger mange etter ulukka. I St. Petersburg har mange lagt ned blomar på Dvortsovaya-plassen.

Foto: VASILY MAXIMOV / Afp

Flyet som styrta laurdag var 18 år gamalt, og hadde tidlegare vore utsett for ei lita hending i 2011, då halen trefte bakken under ei landing i Kairo. Det er stilt spørsmål ved flyets tryggleik, mellom anna frå enka til den eine co-piloten, som har sagt til den russiske TV-kanalen at mannen hennar hadde klaga over flyets tekniske tilstand.

Men flyselskapet er klare på at det ikkje var flyets tekniske tilstand eller flymannskapet sin feil at flyet styrta.

– For tidleg å seie noko om årsak

Den eigentlege årsaka er framleis i det blå, og i Russland seier styresmaktene at det førebels er altfor tidleg å seie noko om årsaka.

– Dette snakket er ikkje basert på ordentleg fakta, seier leiaren for det russiske byrået for luftfart, som tilsvar til Metrojets påstand om at ulukka ikkje kan skuldast feil frå fly eller mannskap.

Ekspertar frå Egypt og Russland samarbeider for å finne grunnen til flystyrten. Og i dag tilbyr også USA eksperthjelp i arbeidet med å finne årsaka.

SISTE NYTT

Siste nytt