Hopp til innhold

Mange drepne i bombehelvete i Bagdad i kveld

Minst 50 menneske vart drepne i minst 11 koordinerte bombeangrep i den irakiske hovudstaden Bagdad i kveld. Over 4000 menneske er drepne i Irak hittil i år.

Nye bombeangrep i Bagdad.

Bombeangrepa i Bagdad ramma område der det var samla mykje folk, slik som ved kafear og marknadsplassar.

Foto: SABAH ARAR / Afp

Det var ved 18-tida i kveld at helvete starta igjen i Bagdad. Til saman 11 kraftige bombeeksplosjonar ramma i hovudsak sjiamuslimske nabolag i løpet av kort tid, og det var drepne og såra i alle angrepa.

Nye bombeangrep i Bagdad.

Det var 11 koordinerte bombeangrep i Bagdad ved 18-tida tysdag kveld.

Foto: SABAH ARAR / Afp

Angrepa var retta mot moskear, marknadsplassar, kafear og til og med iskremkioskar. Det dødelegaste angrepet var då to bilbomber ramma like ved fleire restaurantar og butikkar i den nordaustlege drabantbyen Husseinniyha, også eit sjiamuslimsk område. Her vart ni drepne og 32 såra, melder AFP.

Verste sidan 2008

Valdsbruken i Irak har ikkje vore så ille som no sidan 2008, då landet var på randa av full borgarkrig. Berre i august i år vart 804 menneske drepne i ulike angrep i Irak, medan talet for dei åtte første månadene i år er over 8000. Det er over 1000 menneske i månaden i snitt.

Ingen har teke på seg skulda for angrepa i kveld, men alle spor peikar på den irakiske greina av terrororganisasjonen Al Qaida.

Observatørar meiner at borgarkrigen i Syria har ført til auka uro også i Irak. Irakiske Al Qaida og andre ekstreme sunnimuslimske grupper støttar opprørarane i Syria.

Fleire bombeangrep i Bagdad.

Bombene førde også med seg store materielle skadar.

Foto: Hadi Mizban / Ap

Ein talsmann for den irakiske statsministeren Noiri al-Malawi meiner at dei amerikanske truslane om eit militært angrep på Syria, har fått opprørarar til å intensivere angrepa sine også i Irak.

– Ingen høyrer på oss

– Vi har åtvara om dette, men uheldigvis, det er ingen som høyrer på oss, sa talsmann Ali al-Moussawi i kveld.

Både sunnimuslimske og sjiamuslimske religiøse og politiske leiarar har bede tilhengjarane sine om å stanse angrepa, utan at det har gitt resultat i form av mindre vald. Tvert i mot ser valdsbruken ut til å bli verre for kvar dag som går.

Også andre stader i Irak har det vore mange angrep i dag, slik at talet på drepne i løpet av dagen ser ut til å bli minst 67. Fleire hundre andre er såra.

Bombeangrep i Hilla, 10 mil sør for Bagdad.

Bombeangrepa ramma også utanfor Bagdad. Ein butikkeigar ser på restane av butikken sin i Hilla.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

LES OGSÅ: – Dette er en galopperende katastrofe

LES OGSÅ: – Overbevist om at Assad står bak kjemiske angrep i Syria

LES OGSÅ: Sunnier dreper «frafalne» sjiaer

SISTE NYTT

Siste nytt