NRK Meny
Normal

Mange drepne i angrep i Kerbala

Minst 12 personar er drepne, og over 30 er såra etter at minst tre eksplosjonar skaka den heilage sjiamuslimske byen Kerbala i Irak i dag.

Minst ein av eksplosjonane skuldast ei bilbombe, opplyser vitne.

Angrepa skjedde i nabolaget Balladiyat i sentrum av Kerbala, der provins-styresmaktene og den militære region­-kommandoen har hovudkontoret sitt.

Det første anrgepet fann stad utanfor kontoret til skuleadministrasjonen, den andre nær ambulansetenesta og de tredje utanfor ein restaurant.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt