Hopp til innhold

Jordskjelv i Tyrkia: 30 framleis sakna

Minst 29 menneske er stadfesta døde, og over 30 er sakna, etter eit kraftig jordskjelv i Elazig-provinsen aust i Tyrkia.

Jordskjelv i Tyrkia

Fleire bygningar har rast saman, og folk skal vere fanga i ruinane etter jordskjelvet, opplyser tyrkiske styresmakter.

Foto: DHA / AFP

Jordskjelvet hadde ein styrke på 6,8, og ramma fleire byar nordaust i Tyrkia i går kveld. Det første store skjelvet blei følgt av fleire etterskjelv.

Minst 29 personar er omkomne og over 1200 er skadde.

Politi og redningsmannskap søker nå etter rundt 30 sakna personar i ruinane av samanraste bygningar i provinsen Elazig og naboprovinsen Malatya. Det opplyste helseminister Fahrettin Koca på ein pressekonferanse i dag.

Han åtvara om at dødstalet framleis kan stige.

Innanriksminister Suleyman Soylu har sagt at jordskjelvet er ei «nivå 3»-hending.

Det vil seie at hendinga krev nasjonal hjelp, men at det førebels ikkje er naudsynt med hjelp frå utlandet.

Redningsmannskaper i Tyrkia.

Politi og redningsmannskap leitar etter overlevande i ruinane etter jordskjelvet i Elazig-provinsen.

Foto: STRINGER / Reuters

Fryktar etterskjelv

Skjelvet ramma eit avsidesliggande område med relativt få innbyggarar. Det vil ta tid før styresmaktene har full oversikt over situasjonen.

Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan skriv på Twitter at dei set i verk tiltak som skal gjere at skjelvet skal gjere så lite skade som mogleg.

Krise- og beredskapsstyresmaktene i Tyrkia har åtvara innbyggarane i området om å vere nær samanraste bygningar på grunn av faren for etterskjelv.

– Det var veldig skremmande. Møblar falt over oss, og vi måtte springe ut av huset, seier Melahat Can som bur i provinshovudstaden til AFP.

Ho seier at dei kjem til å flytte til ein gard utanfor byen den neste dagane.

Senger, teppe og telt er på veg til området, der det er venta temperaturar under 0 grader i løpet av natta.

Fleire store skjelv i Tyrkia

Jordskjelvet skal også ha vore merka i Iran og Syria, ifølge statlege medium. Også libanesisk media melder at skjelvet blei merka i byane Tripoli og Beirut, melder Reuters.

Tyrkia har ei historie med fleire kraftige jordskjelv. I 2010 omkom 51 personar etter eit skjelv i same område som blei ramma i dag.

To menn leter i ruinene etter jordskjelvet i Tyrkia

To menn leitar i ruinane etter sakna menneske. I 2010 var det eit anna stort skjelv i same området. Då omkom 51 personar.

Foto: AP

1999 mista over 17.000 menneske livet i eit kraftig jordskjelv i Izmit. Rundt 500.000 menneske blei heimlause etter skjelvet.

I 2011 mista minst 523 menneske livet i eit jordskjelv som ramma byane Van og Ercis lenger aust for Elazig.