Hopp til innhold

Mandela sto oppført på USA si terrorliste til han var 90 år

Fram til 2008 var Mandela og hans parti African National Congress oppført på USA si terrorliste. Håper Obama synest det er litt flaut, seier Sør-Afrika-ekspert Liv Tørres.

Montasje - Obama i Sør-Afrika

Obama hadde mange godord å kome med då han i dag møtte ANC sin leiar og president i Sør-Afrika, Jacob Zuma. Men det er berre fem år sidan ANC og Nelson Mandela (høgre) stod på USA si terrorliste.

Foto: Jason Reed/Mark Cardwell / Reuters

USA sin president er for tida på besøk i Sør-Afrika, der han mellom anna skal møte Jacob Zuma, leiaren av regjeringspartiet African National Congress (ANC), og deler av Nelson Mandelas familie.

Men at besøket vert av det hyggelege slaget er ikkje sjølvsagt. Det er berre fem år sidan ANC og Mandela stod på USA si terrorliste.

– Det var ingen grunn til at han skulle vere på vår terrorliste, og eg er glad for at forslaget om å ta han bort gjekk gjennom, så dåverande senator John Kerry etter at president George W. Bush hadde stroke over namnet til ANC og Mandela på lista.

Væpna frigjeringskamp

Det er ANC sin væpna frigjeringskamp og venstrevridde standpunkt som ligg til grunn for at partiet vart oppført på terrorlista på 1980-talet. Men sjølv om Mandela og ANC vann kampen mot apartheid i 1990, og til og med fekk nobelprisen i 1994, så vart frigjeringsforkjemparane verande på lista heilt til Mandela var 90 år.

– Faktum er at ANC var ei væpna frigjeringsrørsle fram til 1990. Ei anna side er at USA oppfatta ANC og Mandela som ein del av ei kommunistisk rørsle. Og avgjersla om å føre dei opp på terrorlista var som kjent prega av ei verd der den kalde krigen fann stad og det var sterk frykt for Sovjet blant amerikanske leiarar.

Liv Tørres byline

Liv Tørres, generalsekretær i Norsk Folkehjelp

Det seier Liv Tørres, generalsekretær i Norsk Folkehjelp. Ho har god kjennskap til Sør-Afrika og har nyleg kome attende frå ei reise i landet. Ho trur ikkje Mandela vart ståande på terrorlista heilt fram til 2008 utan grunn.

Tungt kommunistiske

– Det er ikkje tilfeldig at han vart ståande på terrorlista så lenge. Det vart laga unntaksordningar på stadane der han hald til fram til 2008, så det var nok ei politisk avgjersle å ha han på terrorlistene så lenge. ANC var definitivt på venstresida av politikken, og amerikanarane oppfatta dei som tungt kommunistiske, seier Tørres.

No håper ho Obama nyttar høvet han har i Sør-Afrika til å seie unnskyld for terrorstempelet.

– Eg håper han synest det er litt flaut. Om han syns det er flaut så bør han no be om unnskyldning når han møter ANC og familien til Nelson Mandela, seier Tørres.

SISTE NYTT

Siste nytt