Hopp til innhold

Manchester Arena opnar igjen etter terroren

Den lokale superstjerna Noel Gallagher er hovudattraksjon når Manchester Arena i kveld opnar dørene, etter å ha vore stengt sidan terrorangrepet som kosta 22 menneske livet 22. mai i år.

Manchester Arena.

Manchester Arena har vore stengt sidan terrorangrepet 22. mai, men opnar dørene igjen i kveld.

Foto: Dave Thompson / AP

Opningskonserten har fått namnet «We are Manchester show», og det er sett i verk strenge tryggingstiltak. Det blir restriksjonar på storleiken på ryggsekkar publikum får ha med seg inn, og alle må gjennom fleire tryggingssluser før dei slepp inn i sjølve arenaen.

Toppsjefen for Manchester Arena, James Allen, seier at konserten i kveld kjem til å bli emosjonell for alle.

Terror mot born og unge

Plakat i Manchester etter terroren.

Gi aldri opp håpet, er bodskapen på denne plakaten i sentrum av Manchester.

Foto: Dave Thompson / AP

– Ikkje berre vil alle dei tilsette vere her, men det vil også mange av dei som var her 22. mai. Mange har kjøpt billett berre for at dei vil vere her, seier han til BBC.

22 menneske vart drepne og fleire hundre vart såra då den terroristen, islamisten Salman Abedi, detonerte eit heimelaga bombe i foajéen etter konserten med den amerikanske artisten Ariana Grande. Fleire av dei drepne var born.

Borgarmeisteren i Manchester, Andy Burnham, seier at opninga av Manchester Arena etter terroren er ei viktig markering, som vil få folk til å kjenne fellesskap og minnest dei som vart ramma av angrepet.

– Det er den sterkaste bodskapen vi kan gi til dei som fremjar hat. Dei vil andre greie å endre oss, vi vil framleis så saman. Dei vil aldri greie å endre Manchester, seier ein kjensleladd Burnham.

Minnemarkering i Manchester.

Frå ein av dei mange minnemarkeringane etter terroraksjonen mot Manchester Arena 22. mai i år.

Foto: Emilio Morenatti / AP
Noel Gallagher

Noel Gallagher, som sjølv er frå Manchester, er hovudattraksjonen på konserten i kveld.

Foto: Owen Sweeney / AP
Minneseremoni etter Manchester-terroren

Manchester Arena opnar igjen i kveld etter terroren 22. mai. Innbyggjarane i byen reagerte på terroren med store minnearrangement og sterkt samhald

Foto: Emilio Morenatti / AP

– Salman Abedi kjøpte det meste av bomben selv

Ariana Grande besøkte bombeofre i Manchester

«Don't Look Back in Anger»

Det betyr mykje at Noel Gallagher, som sjølv er frå Manchester, deltek på konserten i kveld. Låten hans «Don't Look Back in Anger» vart sjølve symbolet på samhaldet i Manchester etter terroraksjonen. Det skjedde etter at ei menneskemengd spontant byrja å syngje denne under ei minnesamling for offera etter terroren.

Alle inntektene frå konserten i kveld går til eit minnesmerke for offera etter udåden 22. mai i år.

Pårørande etter dei omkomne, overlevande og deira familiemedlemer vart tekne med på ei omvising i den restaurerte arenaen sist torsdag.

Angrepet i Manchester flytter terror opp på Natos agenda

SISTE NYTT

Siste nytt