Hopp til innhold

Manafort saksøkjer Mueller for overtramp

Trumps tidlegare valkampsjef Paul Manafort, som sjølv er sikta for ei rekkje lovbrot, saksøkjer FBI-etterforskar Robert Mueller for å ha gått utanfor fullmakta si.

Paul Manafort

Paul Manafort er sikta for i alt 12 punkt, mellom anna for å ha motteke store beløp frå Ukrainas tidlegare president Viktor Janukovitsj og for å ha skjult dette for styresmaktene.

Foto: Susan Walsh / AP

Manafort saksøkjer også USAs visejustisminister Rod Rosenstein og det amerikanske justisdepartementet.

I søksmålet hevdar Manafort at justisdepartementet braut lova då Rosenstein utnemnde Mueller som spesialetterforskar.

Mueller vart utnemnd for å overvake den føderale etterforskinga om mogleg russisk innblanding i presidentvalet i 2016.

Overtramp

Som ein del av etterforsking til Mueller vart Manafort arrestert i oktober i fjor, og er sikta for mellom anna «konspirasjon mot USA» og kvitvasking av pengar.

Manafort hevdar at Mueller har gått utanfor mandatet sitt, og seier at punkta han er sikta for ikkje har noko med valkampen å gjere.

Manafort sit i husarrest og er pålagt forbod mot å uttale seg om saka. Han har avvist skuldingane mot seg.

Måtte gå av

Manafort spelte ei viktig rolle under presidentvalkampen til Trump, men måtte gå då han vart skulda for å drive ulovleg lobbyverksemd for prorussiske ukrainske politikarar.

Steve Bannon, som tok over som valkampsjef etter Manafort, kjem i ei ny bok svært krass kritikk mot fleire tidlegare Trump-medarbeidarar og deira kontakt med russarar.

SISTE NYTT

Siste nytt