Hopp til innhold

Malmø: Mistenkt for drap og sju drapsforsøk

Den pågripne 38-åringen som er mistenkt for eitt drap og fem drapsforsøk i Malmø, nektar straffskuld.

Video Pressekonferanse i Malmø om pågripelse

Pressekonferanse i samband med at ein mann er pågripen i Malmø. Frå venstre kriminalsjef i Skåne-politiet Börje Sjöholm, etterforskingsleiar Solveig Wollstad og sjef i Malmø-politiet Ulf Sempert.

38-åringen som vart pågripen i sentrum av Malmø i går kveld , har i dag vore inne til avhøyr.

Etterforskingsleiar Solveig Wollstad fortel på pressekonferansen at mannen nektar straffskuld.

Mistenkt for drap og drapsforsøk

Etterforskingsleiar Solveig Wollstad

Etterforskingsleiar Solveig Wollstad vil bestemme seg innan tysdag om mannen blir sikta.

Foto: Claudio Bresciani / Scanpix

Wollstad bestemte i går at politiet skulle pågripe mannen. Det gjorde dei i 18.30-tida.

– Etter innleiande avhøyr av mannen, bestemte eg at han skal haldast i arrest. Han er mistenkt for eitt drap og sju drapsforsøk i Malmø, seier Wollstad.

Ho skal no besemme innan tysdag klokka 12 om 38-åringen skal siktast.

Mannen har svensk bakgrunn. Det er ikkje klart om han er kopla til ein organisasjon.

Hadde to våpenlisensar

Wollstad fortel at ho har hatt kontakt med politiet heile vegen, og at det er både tips frå publikum og godt politiarbeide som er bakgrunn for at ein mann er pågripen.

Politiet stadfestar at mannen hadde to våpenlisensar. Begge våpna er inndregne av politiet.

– Vi har gjort funn heime hos mannen som styrkar mistanken mot han, seier Wollstad.

Politiet ønskjer ikkje å kommentere kva tekniske bevis dei har i saka.

Pressekonferanse i samband med at ein mann er pågripen i Malmø

Pressekonferanse i samband med at ein mann er pågripen i Malmø. Frå venstre kriminalsjef i Skåne-politiet Börje Sjöholm, etterforskingsleiar Solveig Wollstad og sjef i Malmø-politiet Ulf Sempert.

Foto: CLAUDIO BRESCIANI / SCANPIX / Afp

Etterforskinga held fram

Politiet seier dei ikkje har avslutta sitt arbeide i saka med denne pågripinga.

Politiet går inn i bustaden til den arresterte 38-åringen

Politiet på veg inn i bustaden til den pågripne 38-åringen i dag.

Foto: Claudio Bresciani / Afp

Politibil på gata i Malmö

Politiet har jakta på ein eller fleire gjerningsmenn i lang tid.

Foto: Helge Carlsen / NRK

– Denne saka er langt frå løyst. Vi har gjort eitt avhøyr av mannen, seier operativ leiar Börje Sjöholm i Skåne-politiet.

Politiet seier dei vil halde fram med etterforskinga og at dei vil vere ute blant innbyggjarane for at dei skal kjenne seg trygge.

Dei ønskjer ikkje å kommentere kva for av dei 20 skyteepisodane mannen er sikta for. Politiet vil heller ikkje utelate at han kan bli sikta for fleire tilfelle enn dei sju han er sikta for til no.

– Det får den vidare etterforskinga avgjere, seier Sjöholm.

– Ein einsam ulv

Ifølgje naboar var han ein beskjeden og einsam ulv. Dei fortel også at pågripinga skjedde utan dramatikk og at det heile var over på kort tid.

– Eg såg mange politifolk med hjelm og skjold som smaug seg rundt omkring. Det heile var veldig diskret, seier eit vitne til det svenske nyheitsbyrået TT.

– Alt gjekk veldig roleg føre seg og det var ingen samanstøytar. Politiet såg ut til å ha god kontroll, seier vitnet som fortel at polititeknikarar tok med seg pappesker, posar og meir til.