Maliske opprørarar boikottar «fredsseremoni»

Opprørarane i Nord-Mali har under tvil signert eit utkast til fredsavtale, men er langt frå nøgde og seier at dei ikkje kjem på dagens planlagde «fredsseremoni» i Bamako.

MALI-CONFLICT-POLITICS-VOTE

Eit bilete frå 2013 viser to tuaregar som rir på kamelane sine. Dei veivar med Azawad-flagget. Dei vil at Azawad skal bli sjølvstendig frå Mali.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

FN-soldater holder vakt ved Kouroume i Mali

FN-soldatar held vakt ved byen Kourome.

Foto: STRINGER / Reuters

22 afrikanske statsleiarar samlast i dag til seremonien kor det er planlagd at ein fredsavtale mellom maliske styresmakter og fleire opprørsgrupper skal signerast.

– Opprørarane er splitta

Men ikkje alt går etter planen. Gruppa, som forhandlar på vegner av fem opprørsgrupper, seier at dei ikkje vil møte på seremonien, sjølv om dei har underteikna eit førebels utkast til avtale.

Gruppa seier at dei framleis ikkje er nøgde med den avtalen som ligg på bordet, og at dei framleis stiller fleire krav før dei inngår varig fred med maliske styresmakter.

ALGERIA-MALI-PEACE-TUAREG

Leiaren for opprørsgruppa MNLA (Rørsla for frigjeringa av Azawad) Bilal Ag Cherif (i midten) kom i går til Alger for siste del av fredsforhandlingane. Til venstre er Algeries utanriksminister Ramtane Lamamra.

Foto: FAROUK BATICHE / Afp

Det er ikkje kjent kva krav opprørsgruppene vil ha oppfylt, men det er tydlege teikn på at dei fem gruppene er ueinige seg i mellom, og at det er ein viss splitting i gruppa.

Ei kjelde som står forhandlingane nært har sagt til nyheitsbyrået AFP at to av dei fem gruppene er venta å signere ein fredsavtale i dag, medan dei andre framleis har krav dei vil ha innfridd.

– Så snart desse krava er innfridde vil me signere avtalen, seier Sidi Brahim Oud Sidat, som er nestleiar i samarbeidsgruppa som forhandlar med styresmaktene.

Åtte maliske soldatar drepne på måndag

FN har i tida etter konflikten i 2012 oppretta ein operasjon som skal hjelpe den maliske hæren med å kontrollere områda i nord, men å ha full kontroll har vist seg å vere veldig vanskeleg.

MALI-CONFLICT-TUAREG-DEMO

Ei gruppe demonstrantar i Malis hovudstad Bamako viser si misnøye med uroa i Mali og særskild opprørarane sin okkupasjon av byen Menaka.

Foto: HABIBOU KOUYATE / Afp

Det er framleis uroleg i store deler av Nord-Mali og seinast måndag denne veka vart åtte maliske soldatar drepne i eit bakhaldsangrep i nærleiken av byen Timbuktu. Det er det siste av fleire angrep dei siste månadane.

Minusma blant FNs mest dødelege operasjonar

Minusma, som er namnet på FN-operasjonen, skal no vere den FN-operasjonen i verdshistoria kor flest FN-soldatar har mista livet, om ein tek høgde for operasjonens varigheit.

Fredsavtalen mellom tuareggruppene og maliske styresmakter har difor vore etterlengta, men har også vore særs vanskeleg å få til. Burkina Faso prøvde lenge å få til ein fredsavtale, utan at det vart noko varig løysing.

Ein fredsavtale er også sentral for å kunne starta gjenoppbygginga av Nord-Mali og ta eit oppgjer med dei islamistiske rørslene som framleis finn seg i området.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt