Hopp til innhold

Måling: Clinton og Trump like populære

Ei fersk meiningsmåling viser at Donald Trump no er nesten like populær som Hillary Clinton i kampen om å bli USAs neste president.

Donald Trump og Hillary Clinton

Ei fersk meiningsmåling viser nesten dødt løp mellom Donald Trump og Hillary Clinton.

Foto: DSK / Afp

Målinga er gjort for Ipsos for nyheitsbyrået Reuters. Tidlegare målingar har vist at Hillary Clinton har hatt langt sterkare støtte blant amerikanske veljarar enn den svært fritalande og kontroversielle Donald Trump.

Støtta til Trump har auka sterkt etter at det vart klart at han kjem til å bli Det republikanske partiet sin kandidat ved presidentvalet 8. november. Denne målinga viser at 41 prosent av dei spurde støttar Hillary Clinton, medan 40 prosent støttar Donald Trump.

19 prosent svarar at dei ikkje har bestemt seg. Feilmarginen på målinga er rundt tre prosent.

Jamnare enn venta

Dette kan bety at kampen mellom Trump og Clinton kan bli langt jamnare enn det tidlegare målingar har vist. Målinga har gjennomført frå fredag sist veke til og med tysdag denne veka.

Donald Trump kvitta sist veke seg med dei siste utfordrarane, Ted Cruz og John Kasich, og dermed er det i realiteten ingen som kan hindre at milliardæren frå New York blir Det republikanske partiet sin presidentkandidat.

I Det demokratiske partiet heng framleis Bernie Sanders, men sjølv om han vann primærvala i både West Virginia og Nebraska natt til i dag, har han truleg altfor lite støtte i partiet til å bli presidentkandidat.

Begge truleg sikre

Sanders har vunne 20 delstatar mot Clintons 23, men sjølv om Sanders vinne alle dei resterande delstatane, så vil det truleg ikkje vere nok.

Dermed ser kampen om presidentvervet til å stå mellom Hillary Clinton og Donald Trump. Tidlegare har mange ekspertar sagt at ein duell mellom dei to ville bli ein lett kamp for Clinton.

Ekspertar ventar også at Donald Trump vil moderere seg kraftig i presidentvalkampen. Den politiske kommentatoren Dick Morris seier blant anna at Trump i kkje er den villmannen mange trur .

Det er klart at Trump manglar støtte frå sentrale republikanarar , men han har også gjort det klart at han ikkje treng eit samla republikansk parti bak seg.

SISTE NYTT

Siste nytt