– Eg har bede marinen og kystvakta om å gjennomføra ein søk- og redningsaksjon etter båtar med rohingya-muslimar. Me må forhindra tap av menneskeliv, opplyser statsminister Najib Razak via Facebook og Twitter.
Det vil bli gitt humanitær hjelp både til sjøs og på land.
Nye takter
Utanriksministrane i Malaysia og Indonesia er for tida i Myanmar, der dei deltek i samtalar med styresmaktene der om flyktningkrisa.
Fråsegna er dei første klare signala om at malaysiske skip går aktivt inn for å søkja etter og redda flyktningar på havet.
Om lag 7000 flyktningar er truleg stranda i båtar i Bengalbukta og i Andamanhavet.
Flyktningane kjem frå Myanmar og Bangladesh. Mange av dei høyrer til den muslimske minoritetsgruppa Rohingya-folket.
Forfølginga av rohingyaene har røter tilbake til kolonitida, men har dei siste åra eskalert i takt med den veksande buddhistiske nasjonalismen og åtak på fleire muslimske minoritetar i Myanmar etter at dei politiske reformene tok til i 2011.
Folkegruppa er underlagd strenge restriksjonar frå myanmarske styresmakter og får ikkje tildelt statsborgarskap – trass i at det bur 1,3 millionar rohingya-muslimar i landet.
– Dødeleg pingpong
Malaysia og Indonesia har tidlegare blitt kritiserte for å avvisa flyktningar som har søkt tilflukt hos dei.
Båtar fullasta med menneske har blitt taua fram og tilbake mellom dei ulike landa i regionen sine farvatn, i det menneskerettsobservatørar ifølgje BBC har fordømt som dødelege «pingpong»-kampar.
Onsdag melde begge landa at dei vil gje mellombels opphald til dei 7000 flyktningane. Dei etterlyser likevel hjelp frå det internasjonale samfunnet til å omplassera dei heimlause menneska.
LES OGSÅ: Rohingyaene – et uønskt folk
Malaysia og Indonesia har gått med på å gje mellombels opphald til 7000 båtflyktningar, mange av dei frå den forfølgde rohingya-minoriteten.
Foto: RONI BINTANG / Reuters