Hopp til innhold

Målar stridsvognene rosa i Libya

Libyske opprørarar målar stridsvognene sine rosa for å unngå fleire feilbombingar frå NATO.

Ajdabiya

Oppørssoldatane er rasande på NATO-pilotane som ikkje ser forskjel på dei og Gaddafi-soldatane. Ifølgje Reuters har regimekritikarane fredag måla biltaka sine rosa i håp om at det vil hindra nye feilbombingar.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

Minst fem libyske opprørssoldatar skal ha vorte drepne i eit flyåtak utført av dei internasjonale styrkane utanfor Brega i går.

– Me visste ikkje at opprørarane hadde stridsvogner, sa nestkommanderande for NATO-operasjonen i Libya, Russel Harding om «uhellet».

Regimedemonstrantane har no sett både kreativiteten og målarkostar i sving for å unngå fleire dødelege feilbombingar.

Lyserosa stridsvogner

Opprørssoldater ser etter fly fra koalisjonen ved Adjabiyah

Opprørssoldatar ser etter fly frå koalisjonen ved Adjabiyah.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Fredag har dei fargelagt taka på stridsvognene og bilane sine med lyserosa måling for at NATO-pilotane skal kunne sjå forskjel på fienden Gaddafi sine menn og opprørarane, melder nyheitsbyrået Reuters.

Håpet er at den ferskenaktige fargen skal gjera letta rekogniseringsarbeidet og auka presisjonsnivået til jagarfly som er under NATO sin kommando, forklarte opprørarar som fredag var på veg frå Ajdabiyah mot frontlinja til Reuters.

Torsdagens feilbombing var ifølgje opprørarane den andre på mindre enn ei veke.

Også laurdag skal eit fly frå den NATO-leidde styrken ha forveksla dei med fienden, og sleppt bomber som resulterte i minst 13 drepne.

NATO ber om orsaking

Opprørarane er rasande etter feilbombinga, og har skulda NATO for å vera løgnhalsar og for å ha gått over på Muammar al-Gaddafi si side i krigen.

Generalsekretæren i NATO, Anders Fogh Rasmussen bad i dag om orsaking.

– Dette er ei veldig uheldig hending. Eg ber om orsaking for at liv gjekk tapte, sa Rasmussen som også understreka at føremålet med den militære operasjonen i Libya er å verna om sivilbefolkninga

Sidan operasjonen starta den 19.mars, har seks norske F-16 kampfly delteke i 42 oppdrag over Libya under NATO sin kommando.

Ifølgje Forsvaret sitt operative hovudkvarter i Bodø har ingen av dei norske jagarflya vore involverte i feilbombingane i Libya den siste veka.

Sårede i Libya

Mange er skadde og drepne i krigen i Libya.

Foto: STR / Reuters

Harde kampar i Misrata

Fredag kveld kjem det nye meldingar om harde samastøytar mellom opprørarar og Gaddafi-lojale styrkar ved Misrata, som er den tredje største byen i landet og ligg om lag 215 kilometer aust for hovudstaden Triopoli.

Misrata er førebels under opprørarane sin kontroll, men ein AFP-korrespondent fortel i kveld om kulehagl og harde kampar. Det skjer meir enn 40 dagar etter at samanstøytane først starta i Misrata.

Ifølgje helsepersonell i byen har minst 200 menneske mista livet i byen sidan uroa tok til.

SISTE NYTT

Siste nytt