Normal

– Eg blir betre dag for dag

Malala Yousufzai, den no 15 år gamle pakistanske jenta som vart skoten i hovudet av Taliban, opptrer i ein video for første gong sidan skytinga.

Videobodskap frå Malala, den 15 år gamle pakistanske jenta som vart skoten i hovudet av Taliban.

VIDEO: – Eg blir betre dag for dag, fortel Malala i dette videoopptaket.

– I dag kan de sjå at eg er i live. Eg kan snakke, eg kan sjå dykk, eg kan sjå alle og eg blir betre dag for dag, seier Malala i videoen. Ho har gjort store framsteg på sjukehuset i Birmingham i Storbritannia, og legane seier at ho har gode sjansar til å bli heilt frisk.

Malala-fondet

Malala les frå dei mange breva ho har fått.

Malala har fått fleire tusen brev frå heile verda etter at ho vart skoten i oktober i fjor.

Foto: BBC

Ho lovar å halde fram arbeidet for at alle born skal ha rett til utdanning. Det skal ho gjere gjennom eit fond som har fått hennar namn, Malala-fondet. Målet er at alle born, både gutar og jenter, skal ha rett til å få seg ei utdanning.

Det var hennar kamp for å sikre at alle jenter skulle få lov til å gå på skule, som fall den islamistiske opprørsrørsla Taliban tungt for brystet.

Området der Malala kjem frå i Pakistan, Swatdalen mot grensa til Afghanistan, er prega av Taliban og andre islamistiske opprørsgrupper, og der mange meiner at jenter ikkje skal gå på skule.

LES OGSÅ: Her vinker Malala farvel til sykehuset

LES OGSÅ: Pakistan markerer «Malala-dagen»

Opererte inn titanplate

Den 15 år gamle jenta vart skoten i Swatdalen 9. oktober i fjor. Legane har fortalt at kula passerte gjennom hovudskallen hennar før ho streifa borti hjernen og stoppa i den venstre skuldra.

Sist helg vart det operert inn ei titanplate som erstatning for den øydelagde delen av hjernen. Kirurgane har også sett på plass eit implantat som skal hjelpe henne til å få igjen høyrsla i venstre øyret.

På videoen frå BBC kan vi også sjå Malala lese i nokre av dei mange tusen breva ho har fått frå born og unge over heile verda etter at ho vart skoten.

LES OGSÅ: Endelig kan Malala og familien smile

LES OGSÅ: Pågrepet for å ha skutt Malala

LES OGSÅ: Malala (14) skoten av Taliban - får hjelp på spesialsjukehus

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt