Dei makedonske styrkane i Kumanovo-området er i full kampberedskap. (Scanpix)
Ein talsmann for den makedonske hæren, Blagoja Markovski, seier at den albanske geriljaen som oprererer i grenseområdet mot Kosovo står bak udåden i dag tidleg.
Motoffensiv
Like etter klokka 15 vart det meldt frå området at makedonske helikopter har skote rakettar mot landsbyen og eit skogsområde like ved. Det skal også vere skyting med granatkastarar.
Ein talsmann for det makedonske forsvaret stadfestar at dei har starta ein offensiv for å drive den albanske geriljaen ut av området.
Det var i dag tidleg det kom til kampar mellom soldatane og geriljaen i landsbyen Vakcince nær Kumanovo, 35 kilometer nordaust for hovudstaden Skopje. I ettermiddag gav makedonske styresmakter ordre om at fleire skulle evakuerast, truleg som ei førebuing til eit angrep frå hæren.
Ikkje ei høne
Ein mann som sa han var med i geriljaen i byen Otlja, 15 kilometer frå Vackince, gjorde det overfor nyheitsbyrået AFP klart at innbyggjarane ikkje kom til å forlate landsbyane.
- Ikkje så mykje som ei høne kjem til å reise herfrå, sa han.
Sist søndag vart åtte makedonske politifolk og soldatar drepne av den albanske geriljaen, etter at det hadde vore roleg i området den siste månaden.
Dette har igjen ført til hemnangrep frå det slaviske fleirtalet mot etniske albanarar i den nest største byen i landet, Bitola, der det i går vart innført unntaktstilstand.
Usikkert
Valdshandlingane den siste veka gjer at det er usikkert om det blir vidare forhandlingar om rettane til det albanske mindretalet i Makedonia. Både det makedonske og det albanske regjeringspartiet manar til ro og ber sine tilhengjarar om å vere tilbakehaldne i den spente situasjonen.
Tysdag vart ein albanar skoten og drepen av tre maskerte menn i hovudstaden Skopje, og det vart skote med automatvåpen mot den albanske ambassaden i byen.