I ein fjernsynstale sa han at dei makedonske styrkane har fått ordre om å gå hardt til verks overfor geriljaen, utan at det skal gå ut over dei sivile.
Fristen styresmaktene har sett for geriljaen til å forlate landsbyane dei held, går ut midt på dagen i morgon. Det er ikkje noko som tyder på at geriljaen har tenkt å gi seg.
Det har kome signal om det internasjonale samfunn vil leggje press på Makedonia til å forlengje friste til opprørarane. Det er frykt for at sivile kan bli drepne om den makedonske hæren set inn eit storangrep mot opprørarane.
Sverige utanriksminister Anna Lindh sa før ho reiste til den makedonske hovudstaden Skopje frå Brussel i kveld at Eu ikkje godtek overdriven bruk av vald mot geriljaen.