NRK Meny
Normal

Magedansar deportert etter at ein «frekk» video truar rikets sikkerheit

Sikkerheitstenestene i Egypt har vedteke å deportere den 31 år gamle russiske magedansaren Eicatrina Andreeva. Årsaka skal vere ein i overkant dristig dans på ein nattklubb i Kairo.

SJÅ: Videoen som fekk russisk magedansar deportert frå Egypt

Det var altså ikkje på grunn av spionasje den russiske magedansaren vart stempla som ein trussel mot rikets tryggleik. Men ein «frilynt» dans på ein nattklubb i Kairo.

Laster Twitter-innhold

Dansinga vart lagt ut på Facebook, der den gjekk viralt. Heile 3,3 millionar gangar er den sett, og det førte til slutt til at dansaren vart arrestert.

Ho vart slept fri mot kausjon to timar seinare, medan påtalemakta etterforska dei alvorlege skuldingane.

Mellom anna var magedansaren, som går under scenenamnet Gawhara, skulda for å oppfordre til «debauchery» som lausleg kan bli omsett til «å skeie ut» på norsk.

«Vekka seksuelle instinkt»

I tillegg vart russaren skulda for å «vekke dei seksuelle instinkta til unge menneske». Årsaka til dette var at dansaren, brukte hendene til å peike mot sensitive delar av kroppen sin, skriv nettavisa The New Arab.

Det vart også stilt spørsmål om dansaren hadde kledd seg i den reglementerte magedanskjolen, og om ho hadde gyldig arbeidsløyve.

Turistdepartementet i Egypt har strenge reglar for korleis ein magedansar skal kle seg, og påtalemakta hevda Andreeva meir eller mindre hadde vore halvnaken på scena.

«Trussel mot rikets sikkerheit»

Andreeva forsvarte seg, ifølgje Egypt Independent, med at kjolen var lik den magedansarar flest nyttar i Egypt.

Forsvararen til magedansar Eicatrina Andreeva, legg fram argumenta sine i eit intervju på Dream TV.

Men til ingen nytte. Forsvararen hennar, Mohammed Saleh, fortel til «Dream TV», at Den egyptiske tryggingstenesta vurderte magedansaren som ein trussel mot rikets sikkerheit, og har gjeve ordre om deportasjon.

Myndigheitene i Egypt slår til mot umoral

Deportasjonen kjem i kjølvatnet av fleire profilerte saker mot underhaldningsartistar i Egypt. I desember vart den egyptisk popsongaren Shyma dømt til to år i fengsel for ein musikkvideo der ho heller mjølk over ein banan. Regissøren av videoen vart også dømd, in absentia.

SJÅ: Videoen som førte til at den egyptiske popsongaren Shyma vart dømt til fengsel

Same månad vart ein annan egyptisk artist tiltalt for å lage eit ordspel rundt eit arabisk bannord. Og i januar vart popstjerna Laila Amer arrestert for ein musikkvideo av songen «Boss Oumek».

BBC skriv at fleire egyptiske artistar har hamna i trøbbel for provoserande framføringar i det offentlege i det siste i Egypt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt