NRK Meny
Normal

Mafiatopp felt av Facebook-tabbe

Ein av dei mest ettersøkte mafia-forbrytarane i Italia er pågripen i Sør-Spania, etter at kjærasten hans uforvarande la ut avslørande bilete på Facebook.

Facebook

Det italienske politiet fann ettersøkt mafiatopp ved hjelp av Facebook.

Foto: PAUL SAKUMA / AP

39 år gamle Salvatore D'Avino er ein av toppane i Giuliano-klanen i mafiaorganisasjonen Camorra i Napoli. Han har i fleire år halde seg i skjul i Marokko, men i løpet av dei siste vekene har han saman med den høggravide marokkanske sambuaren sin reist til Costa del Sol i Spania.

LES OGSÅ: Stinkande søppel i gatene igjen

LES OGSÅ: Det symboltunge mafia-kysset

Facebook-tabbe

Truleg var det planen deira at barnet dei ventar, skulle bli fødd på eit sjukehus i Marbella.

Begge tok seg inn i Spania med falske pass. Dei to tok inn på eit hotel i Marbella, og dei har truleg budd på same staden dei siste dagane.

Det italienske antimafia-politiet oppdaga tilfeldig at sambuaren hadde lagt ut fleire bilete av staden der dei budde på Facebook-profilen sin. Dei har vore på jakt etter D'Avino i fleire år, og i samarbeid med spansk politi starta dei overvaking av hotellkomplekset der bileta var tekne.

Då Salvatore D'Avino i går stansa på ein bensinstasjon for å fylle drivstoff på bilen sin, gjekk politiet til aksjon og arresterte han, melder det italieske nyheitsbyrået ANSA.

Det italienske politiet er nok betre på sosiale medium på Internett enn det den gravide sambuaren hadde tenkt seg.

LES OGSÅ: Trur mafiaen står bak søppel-uro

LES OGSÅ: Mektige mafia-systrer arresterte

Guiliano-klanen

Giuliano-klanen er ein av dei mektigaste innanfor Camorra-organisasjonen i Napoli. Klanen kontrollerer store delar av det historiske sentrum av den søritalienske storbyen, og D'Avino var på lista over dei 100 mest ettersøkte forbrytarane i Italia.

Politiet ufterda to etterlysingar av mannen i 2003 og 2007, og dei sikta han for narkotikasmugling i stort omfang og andre mafiarelaterte brotsverket. Om han blir funnen skuldig i punkta han er sikta for, risikerer han opp til 20 år i fengsel.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Mobiliserer hæren mot mafiaen

LES OGSÅ: Mafiaen overtar restaurantene

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt