Mafiatopp arrestert under middag med familien

Den etterlyste 'Ndrangheta-sjefen Francesco Riitano vart arrestert i ein dramatisk politiaksjon i feriebyen Giardini Naxos på Sicilia i går kveld.

VIDEO: Sjå politiet sine bilete frå arrestasjonen av Francesco Riitano

Riitano (49), som har vore på flukt frå politiet i to år, sat og åt ein sein middag på balkongen i eit leigd feriehusvære saman med familien sin, då politiet slo til. Ifølgje politiet prøvde han å flykte ved å hoppe ned frå balkongen i husværet der familien budde.

Han vart raskt innhenta og overmanna av politifolk, og deretter teken med til politihovudkvarteret i Messina. Francesco Riitano blir rekna for ein viktig leiar i Callace di Gurdavale-klanen i 'Ndrangheta.

Mektigaste mafiagruppa i Italia

'Ndrangheta-mafiaen er truleg den mektigaste og mest frykta mafiagrupperinga i Italia i dag. Organisasjonen oppstod i Calabria heilt på tåspissen av det italienske fastlandet, men har i løpet av dei siste åra utvida virkeområdet sitt betydeleg.

Organisasjonen har truleg kontroll over mesteparten av kokainsmuglinga til Europa frå Sør-Amerika, og dei har bygd seg opp ein maktbase rundt den italienske finanshovudstaden Milano. Samstundes er 'Ndrangheta også sterkt representert i USA og Sør-Amerika, Australia og Tyskland.

Francesco Riitano hadde falsk pass, fleire falske ID-kort og falskt førarkort då han vart arrestert i går kveld. Han var etterlyst for internasjonale narkotikahandel av statsadvokaten i Milano.

– Avansert elektronisk utstyr

Politiet opplyser at dei har brukt avansert elektronisk utstyr i jakta på Riitani, og dei har halde han under oppsikt i fleire dagar før arrestasjonen i går kveld, melder nettstaden Giornale del Sicilia.

Giardini Naxos er ein ferieby ved kysten av det nordlege Sicilia, ikkje så langt frå hamnebyen Messina. Giardini Naxos ligg ikkje langt frå den vidkjende turistbyen Taormina i åsane bak.

Det blir hevda å vere ei stillteiande semje mellom mafiafraksjonane på Sicilia om at dei under opphald i Taormina, ikkje skal vere væpna.

Global rekkevidde av mafiagrupper

Kartet viser den internasjonale rekkevidda til italienske mafiagrupperingar.

SISTE NYTT

Siste nytt