Mafiaen ville sikre frukt-monopol

Italiensk politi har avslørt eit omfattande samarbeid mellom dei tre viktigaste mafiagrupperingane i landet om å skaffe seg full kontroll over frukt- og grønnsaksmarknaden.

Video ITALIA-MAFIARAID-100510-WW_MXF_Innboks.MP4

VIDEO: Paolo Schiavone (t.h.)vart arrestert om bord i ein luksusyacht på veg heim frå bryllaupsreise.

Dei tre største mafiagruppene i Italia, Cosa Nostra på Sicilia, La Comorra i Napoli-området og 'Ndrangheta i Calabria har inngått eit sjeldant samarbeid, der målet var å skaffe seg monopol på omsetjing av frukt og grønnsaker i dei sørlege og midtre delane i Italia.

Ein polititalsmann seier at grupperingane alt har greidd å presse prisane kraftig opp.

LES OGSÅ: Italiensk mafiaboss pågrepet

LES OGSÅ: Mafiaens nye ansikt

LES OGSÅ: Sicilias guvernør mafia-mistenkt

Bosniske våpen

Fleire titals personar vart arresterte i dag, og politiet tok beslag i store mengder våpen. Desse våpna kom frå Bosnia Herzegovina, blir det opplyst, og dette var ein bonusfangst for politiet.

Sjefen for antimafia-operasjonane i Napoli-politiet, Antonio Girone, seier til italiensk politi i ettermiddag at politioperasjonen har avdekt ein allianse mellom dei tre mafiagruppene for å skaffe seg makta over dn lukrative marknaden for frukt og grønnsaker.

Girone er uroa over at dei tre store mafiagruppene no samarbeider. Tradisjonelt har desse gruppene arbeidd kvar for seg i sine avgrensa geografiske område.

- I alle situasjonar der væpna grupper vel å samarbeide, blir det vanskelegare å ta knekken på dei, seier han.

LES OGSÅ: Senator går etter mafia-skuldingar

LES OGSÅ: Slik unngår du mafia-butikkar

Milliard-butikk

Italienske jordbruksorganisasjonar reknar med at mafiaen tener 7,5 milliardar euro, over 50 milliardar norske kroner, på frukt og grønnsaker i året. Dette skjer gjennom tjuveri, pengeutpressing og svindel.

Politiet hadde arrestordre på over 70 personar då aksjonen starta i natt. Det er førebels uklart kor mange som vart pågripne, men det skal vere fleire høgtståande mafiamedlemer blant dei arresterte.

Ein av dei mest profilerte er 27 år gamle Paolo Schiavone, som er ein av toppane i Camorraen i byen Caserta utanfor Napoli.

Han vart arrestert medan han oppheldt seg på ein luksusacht på veg heim frå bryllaupsreise.

LES OGSÅ: Storaksjon mot mafiaen på Sicilia

LES OGSÅ: Berlusconi: Mafiaens nestleder tatt

SISTE NYTT

Siste nytt