Hopp til innhold

Mafiaen bit seg fast i Roma - ny storaksjon denne veka

Dei kriminelle nettverka den italienske hovudstaden Roma opererer meir og meir likt dei store mafiagrupperingane lenger sør i landet, seier det italienske antimafiabyrået DIA i den siste halvårlege rapporten sin.

Kriminelle grupper i Roma blir meir og meir like mafiaorganisasjonane lenger sør i Italia

VIDEO: Stor aksjon mot Casamonica-klanen og 'Ndrangheta-mafiaen.

Dei store mafiaorganisasjonane i Italia, 'Ndrangheta i Calabria, Cosa Nostra på Sicilia og La Camorra i Napoli-området, er under hardt press. Antimafia-politiet aksjonerer med ujamne mellomrom mot dei frykta kriminelle organisasjonane, og dei lukkast stadig oftare å få mafiamedlemer til å hoppe av.

I byte med straffefridom, og med lovnad om politivern og ny identitet, har fleire viktige aktørar i mafiagrupperingane i det sørlege Italia brote det høgtidelege løftet om aldri å avsløre noko til politiet. Det har ført til at fleire høgståande leiarar er arresterte og dømde dei siste åra.

Etterlyst mafiaboss «kom ut av skapet»

Vil ikkje samarbeide med politiet

Dette kan vere ei årsak til at 'Ndrangheta, truleg den mektigaste av dei tradisjonelle mafiagrupperingane i Italia i dag, i stadig større grad har spreidd blekksprutarmane sine til både hovudstaden Roma og den økonomiske hovudstaden Milano.

– Eg trur ikkje ein kan samanlikne Roma med byar som Palermo, Reggio Calabria eller Napoli. Der er det mykje meir samarbeid mellom dei kriminelle gruppene og det vanlege næringslivet. Men vi ser stadig oftare også her at offera for dei kriminelle gruppene ikkje vil snakke med eller samarbeide med politiet, seier statsadvokat Michele Prestipino i eit intervju med avisa Corriere della Sera.

Ho meiner at frykta for represaliar gjer at offera heller innordnar seg dei kriminelle sine spelereglar.

Storaksjon mot Casamonica-klanen

Rapporten frå DIA, som vart lagt fram onsdag, kjem to gonger i året. Tysdag denne veka aksjonerte politiet mot organisasjonen til Casamonica-familien i Roma, ifølgje politiet det mektigaste kriminelle nettverket i den italienske hovudstaden.

Mafiagravferd i Roma

Då Vittorio Casamonica vart gravlagd i august 2015 hang dette biletet av han på kyrkjeveggen. Kongen av Roma, står det på biletet.

Foto: Massimo Percossi / AP

Politiet meiner dei samarbeider tett med 'Ndrangheta-mafiaen om omfattande narkotikatrafikk. 31 vart arresterte i aksjonen. Seks personar greidde å stikke av før politiaksjonen, og desse er truleg på flukt.

Politiet aksjonerte samstundes i Roma, Reggio Calabria og Cosenza, også det i Calabria heilt sør på det italienske fastlandet. Alle dei arresterte er sikta for organisert narkotikasmugling, utpressing og lånehai-verksemd.

Politiet kunne gå til aksjon etter vitnemåla til 31 år gamle Debora Cerroni, som har vore sambuar med Massimiliano Casamonica, som igjen er broren til det noverande overhovudet i klanen, Giuseppe Casamonica.

– Terror-sprengstoff brukt i attentat på Malta

Italiensk mafiaboss tatt etter 23 år på rømmen

Mafia-gravferd i Roma.

Gravferda i august 2015 var som teken rett ut av Gudfaren-filmane, seier vitne. Den gulldraperte vogna vart dregen av seks svarte hestar, medan eit orkester spelte temaet frå Gudfaren-filmane.

Foto: Stringer/italy / Reuters

Mafia-gravferd

I august 2015 vart dåverande sjef for Casamonica-klanen, Vittorio Casamonica (65), gravlagd frå ei romersk-katolsk kyrkje i utkanten av Roma. Tusenvis av menneske hadde møtt fram for å følgje den notoriske kjeltringen til grava.

Eit helikopter svevde over prosesjonen og let det regne roseblad over menneskemengda. Seks svarte hestar drog den gulldraperte vogna med kista, og eit hornorkester spelte temaet frå Gudfaren-filmane. Augevitne fortel at heile gravferda var som teken rett ut av dei vidkjende filmane.

På kyrkjeveggen hang det eit stort bilete av den avlidne med teksten «Kongen av Roma».

– Drap på mafiatopp var symbolsk handling

Marcello «Dansaren» Pesce teken på senga