Hopp til innhold

Mafia-topp frå solsenga på Bali til fengselscelle i Italia

Den etterlyste Cosa Nostra-toppen Antonio Messicati Vitale naut gode dagar på ferieøya Bali, før han vart arrestert i ein samordna aksjon mellom italiensk- og indonesisk politiet

Antonio Messicati Vitale på ei solseng på Bali.

Antonio Messicati Vitale nyt livet på ei solseng med ein sigarett og ei bok av Dan Brown.

Foto: Italiensk politi / Afp

Italiensk politi, som har halde auge med familien til den etterlyste sicilianaren, oppdaga at fleire av dei reiste til Bali. Det gav dei ein mistanke om at Vitale oppheldt seg på øya.

Dei kontakta indonesisk politi, og dei fann ut at han oppheldt seg i ein luksusbustad på den indonesiske ferieøya. I samarbeid med det lokale politiet har dei overvaka Vitale sidan midten av november.

Antonio Messicati Vitale.

Antonio Messicata Vitale må rekne med seg på ei lengre fengselsstraff.

Foto: Italiensk politi / Afp

I dag tidleg vart 40-åringen arrestert, etter at han truleg har opphalde seg på Bali det siste halve året.

Italienske mafiakjennarar trur at Antonio Messicati Vitale var på veg oppover karrierestigen i Cosa Nostra, som den sterke mannen i Vitale-klanen.

Andrea Vitalone i det italienske politiet var til stades då indonesisk politi gjekk til aksjon mot Vitale. han seier at Vitale er ettersøkt for ulike brotsverk som mord, menneskehandel og illegal våpenhandel. Han har ein dom på ti års fengsel som ventar på seg i heimlandet.

Vitale-klanen stod sentralt i ein svært valdeleg mafiakrig på Sicilia på 1980-talet. Faren hans, ein lokal mafiasjef i ein småby utanfor Palermo, vart drepen i denne krigen i 1988.

LES OGSÅ: - Mafiaen sterkare enn staten

LES OGSÅ: Politiet tok han på senga

LES OGSÅ: Mafiaen største bedrifta i Italia

LES OGSÅ: Mafiaboss teken etter 16 år

LES OGSÅ: Vil stille statsråd for retten

SISTE NYTT

Siste nytt