Hopp til innhold

Mafia-bombeekspert arrestert

Italiensk politi har arrestert ein bombeekspert frå mafiaorganisasjonen 'Ndrangheta, som prøvde å krysse grensa inn i Italia frå Slovenia.

Den mistenkte bombemannen Antonio Cortese er pågripen.

Den mistenkte bombemannen Antonio Cortese vart arrestert på grensa mellom Slovenia og Italia.

Foto: Ap

Antonio Cortese har eit «sivilt» yrke som grønnsakshandlar i byen Reggio Calabria,men politiet meiner han står bak fleire bombeeksplosjonar retta mot antimafia-jegerar i den lokale påtalemakta.

Cortese har opphalde seg i utlandet i ein periode, men politiet stod klar då han kryssa grensa inn i heimlandet igjen natt til i dag.

Den første eksplosjonen fann stad i januar i år utanfor statsadvokaten sitt kontor, og den andre var utanfor heimen til sjefen for anttimafiapolitiet i området, Salvatore di Landri.

Denne bazookaen vart utplassert ved ein rettsbygning i Reggio Calabria

Denne bazookaen vart utplassert ved ein rettsbygning i Reggio Calabria.

Foto: Adriana Sapone / Ap

Plasserte ut bazooka

Tidlegare denne månaden vart ein bazooka, ein berbar rekylfri panservernrakett, plassert like ved bygningen til den viktigaste domstolen i Reggio Calabria.

LES OGSÅ: Mobiliserer hæren mot mafiaen

Desse hendingane blir tolka som forsøk på å skremme antimafiapolitiet og statsadvokatane frå å etterforske 'Ndrangheta-mafiaen, som no kan vere den mektigaste mafiaorganisasjonen i Italia.

'Ndrangheta har hovedsetet sitt i Calabria, heilt på sørspissen av det italienske fastlandet. Organisasjonen er kjend for brutaliteten sin, og for ein beinhard indre justis. Det er ingen nåde for tystarar, og derfor er det vanskeleg for politiet å infiltrere organisasjonen.

Tidlegare denne veka vart det kjent at vi kvinne som var knytt til 'Ndrangheta, og som opererte som informat for politiet, var brutalt drepen. Politiet trur 35 år gamle Lea Garafolo vart lurt i ei felle av den tidlegare sambuaren sin.

LES OGSÅ: Mektige mafia-systrer arresterte

LES OGSÅ: - Utsletta lokal 'Ndrangheta-klan

Kasta i syrebad

Dette skjedde utanfor Milano i det nordlege Italia, der N'drangheta har skaffa seg eit sterkt fotteste dei siste åra.

Dei meiner å ha bevis for at ho først vart grovt torturert og deretter skoten og drepen. Deretter vart liket kasta i eit kraftig syrebad slik at det vart fullstendig oppløyst.

Den tidlegare sambuaren og to av hans slektningar er sikta for drapet. Politiet meiner at eks-sambuaren lurte Lea Garafola i fella under påskot av å diskutere skulegangen til det felles barnet deira.

LES OGSÅ: Toppsjefen i 'Ndrangheta arrestert

LES OGSÅ: Mafiaen ville sikre frukt-monopol

SISTE NYTT

Siste nytt