Hopp til innhold

Maduro nektar å gi seg – foreslår nytt parlamentsval

Fleire hundre tusen menneske demonstrerte både for og imot president Nicolás Maduro i hovudstaden Caracas i Venezuela i dag. Den omstridde presidenten nektar å gi etter for presset frå opposisjonen om nytt presidentval.

Nicolas Maduro.

Nicolás Maduro nektar å innfri kravet om nytt presidentval, men han opnar opp for å forsere parlamentsvalet.

Foto: Yuri Cortez / AFP

Juan Guaidó, som eigentleg er president i nasjonalforsamlinga, erklærte seg nyleg som president fram til eit nytt presidentval. Han skulda Maduro for å ha juksa seg til siger i det siste valet, og han krev at Maduro må trekkje seg og lyse ut nytt presidentval..

Dermed ser begge på seg sjølve som den rettmessige presidenten i det krise-herja landet, og i dag var tilhengjarane til begge to mannsterkt ute i gatene i Caracas.

Demonstrasjon mot Maduro i Caracas.

Denne demonstranten viser tydeleg kva ho meiner om Nicolás Maduro.

Foto: Martin Bernetti / AFP

Avviser nytt presidentval

Maduro og hans støttespelarar aviser blankt kravet om nytt presidentval, og Maduro forsikrar om at presidentvalet der han vart attvald, gjekk rett føre seg. Fleire vestlege land, blant anna USA, har gjort det klart at dei reknar Guaidó som den rettmessige presidenten i Venezuela. Maduro får støtte frå blant andre Russland, Kina og Iran.

I dag samla begge to tilhengjarane sine i Caracas og i fleire andre byar i Venezuela. Fleire hundre tusen menneske deltok i markeringane, og i Caracas var det store folkemassar som demonstrerte til støtte for begge dei to presidentane.

Guaidó tok opp att kravet om nytt presidentval, medan Maduro på si side foreslo å forsere parlamentsvalet. Valet på ny nasjonalforsamling skal etter planen skje først i 2020.

Opposisjonen har fleirtal i nasjonalforsamlinga i dag, og Maduro harselerte i talen sin om det «borgarlege» fleirtalet i parlamentet.

Opposisjonsleiar Juan Guaido.

Juan Guaidó lovar å halde oppe trykket mot Nicolás Maduro og varslar nye store markeringar 12. februar.

Foto: Juan Barreto / AFP
Demonstrasjon mot Maduro.

Store menneskemengder deltok i demonstrasjonen mot president Maduro i Caracas i dag. Det var liknande markeringar i fleire andre byar i Venezuela.

Foto: Federico Parra / AFP

Ny mønstring 12. februar

Dette er langt frå nok for opposisjonen, og Guaidó varsla ei ny stormønstring mot Maduro 12. februar i sin tale til tilhengjarane sine. Søndag går fristen EU har sett til Maduro om å lyse ut nytt presidentval, ut.

Demonstrasjon mot Nicolas Manduro.

Venezuelanar døyr av mangel på medisin, står det på plakaten til denne anti-Maduro-demonstranten.

Foto: Rodrigo Abd / AP

Det verka ikkje som om den fristen uroar Maduro i særleg grad. Han har fått fornya sjølvtillit av det store frammøtet til markeringa i dag, og ikkje minst etter å ha fått støtte frå land som Russland og Kina.

Nicolás Maduro og støttespelarane hans markerte i dag 20-årsdagen for at Hugo Chávez kom til makta i Venezuela og starta det sosialistiske eksperimentet i landet. Opposisjonen meiner systemet Chavez innførte, og som Maduro har halde fram, har øydelagt det meste av næringslivet i landet.

Arbeidsløyse er enorm og svært mange har flykta frå Venezuela. Økonomien er i fritt fall, og trass i store oljeressursar er det krise også i denne næringa.

Venezuelas opposisjonsleiar: – Ligg unna familien min!

Støtte frå hæren

Støtte til Nicolas Maduro.

Demonstrantar brukte minnemarkeringa for Hugo Chávez til å vise støtte også til Nicolás Maduro.

Foto: Yuri Cortez / AFP
Støttedemonstrasjon for Nicolas Maduro.

Det var stor oppslutning også om støttedemonstrasjonen for Nicolás Maduro under 20-årsmarkeringa for då Hugo Chávez kom til makta i Venezuela.

Foto: Yuri Cortez / AFP

Like fullt viste massemønstringa i dag at Maduro framleis har stor støtte. Han har i stor grad hæren bak seg, sjølv om ein general i flyvåpenet i dag som den første høgare offiseren gjekk ut og støtta Juan Guaidó .

I støttedemonstrasjonen for Maduro var det plakatar med bilete av generalen med teksten «svikar» på.

Elles var markeringa prega av enorme folkemengder, fargerike banner og plakatar, og med venezuelanske flagg i alle storleikar. Det var også mange bilete av Hugo Chávez på å sjå, og Maduro hylla den avlidne presidenten i talen sin.

SISTE NYTT

Siste nytt