Madsen er sikta for aktlaust drap og for likskjending. Han har sete varetektsfengsla sidan 12. august. I dag vil påtalemakta be retten om å forlengje varetektsfengslinga.
Madsen nektar straffskuld for drap, men han vil i retten i dag erkjenne likskjending, ifølgje avisa BT. Forsvararen hans, Betina Hald Engmark, seier til avisa at han vedgår likskjending i og med at han dumpa Kim Wall i havet.
Madsen vil også be om at han blir sett fri frå varetekt.
Vil forklare seg
– Det er ikkje snakk om at min klient frivillig vil la seg fengsle lenger. Og han ønskjer no å forklare seg i retten, seier Engmark til danske TV 2.
– Når ein nektar seg skuldig i drap, vil ein ikkje la seg fengsle frivillig, seier Engmark.
- Les også:
- Les også:
Madsen reiste ut frå København i den privatbygde ubåten UC3 Nautilus ved 19-tida torsdag 10. august. Men på turen var den svenske journalisten Kim Wall (30). Wall skulle lage ein reportasje om Madsen for eit amerikansk magasin.
Har endra forklaring
I løpet av natta blei Wall meld sakna av kjærasten. Dagen etter blei båten funnen i Køge Bugt sør for København. Båten gjekk ned, og Madsen kom seg i land. Der blei han pågripen av politiet.
- Les også:
- Les også:
Politiet sine undersøkingar viste at båten blei senka med vilje.
Madsen forklarte først at han hadde sett Wall i land ved Refshaleøen, der turen starta. Seinare endra han forklaring. Han sa då at Wall døydde som følgje av i ulukke om bord, og at han dumpa henne i havet.
Ei og ei halv veke etter at ho blei meld sakna, blei Wall sin kropp – utan armar, bein og hovud, funnen ved Amager i København.
Rakettar og ubåtar
I Danmark er Peter Madsen mest kjent under namnet «Rakett-Madsen». Den store draumen hans var å skyte seg sjølv ut i verdsrommet i ein heimelaga rakett.
- Les også:
Då ubåten UC3 Nautilus blei sjøsett i København 3. mai 2008, var det den største privatbygde ubåten i verda. Det hadde tatt Madsen tre år å byggje båten, og prislappen blei 1,5 millionar kroner.