Hopp til innhold

Macron og Le Pen går truleg vidare til andre valrunde

PARIS/OSLO (NRK): Dei første resultata peikar mot at Emmanuel Macron og Marine Le Pen går vidare til andre runde i det som ser ut til å vere ein svært jamn første runde av det franske presidentvalet.

COMBO-FRANCE2017-FAR-RIGHT-EN MARCHE

Dei første resultata viser 23,7 prosent til Emmanuel Macron og 21,7 prosent til Marine Le Pen.

Foto: ERIC FEFERBERG / AFP

Le Pen og Macron har lenge vore favorittar, sjølv om François Fillon og Jean Luc Melenchon frå høvesvis høgre og ytste venstre har halt innpå dei siste vekene, i det som blir sett som det mest uføreseielege valet på fleire generasjonar.

Då 40 millionar røyster var talde opp hadde Macron 23,54 prosent, Marine Le Pen 22,33 prosent, Francois Fillon 19,81 prosent og venstrekandidaten Jean -Luc Melenchon 18,62 prosent.

Fallitt for dei tradisjonelle partia

Om dette resultatet blir ståande, er kandidatane til begge dei to tradisjonelle partia ute av racet; François Fillon frå det konservative partiet Republikanarane og Benoît Hamon frå Sosialistpartiet. Dei har begge erkjent tapet.

Kandidaten frå regjeringspartiet ligg etter den første målinga så langt nede som 6,2 prosent.

FRANCE-ELECTION/MACRON Emmanuel Macron, head of the political movement En Marche !, or Onwards !, and candidate for the 2017 French presidential election, casts his ballot in the first round of 2017 French presidential election at a polling station in Le Touquet

Emmanuel Macron si rørsle seier litt om kvar Macron meiner han vil ta Frankrike; "Fremad!". Her stemmer han søndag føremiddag i Le Touquet nord i landet.

Foto: POOL / Reuters

Emmanuel Macron har vore omtala som «wonderboy», ein ung kandidat som aldri tidlegare har hatt eit verv som folkevalt.

Likevel er han ikkje heilt uprøvd; han har vore økonomi- og industriminister under François Hollande, men har sidan i fjor prøvd å fjerne seg frå den historisk upopulære presidenten. Etter å ha gått av som minister melde han seg ut av Sosialistpartiet og lanserte si eiga rørsle, «En marche!» (Framover!).

Marine Le Pen tok over leiinga av Nasjonal Front, eit parti ytst til høgre, etter far sin Jean Marie Le Pen som kom vidare til andre runde i presidentvalet i 2002. Ho sit i tillegg i EU-parlamentet.

FRANCE2017-VOTE

Medlemmer av aktivistgruppa Femen blir stoppa av politiet utanfor stemmelokalet der Marine Le Pen gav si stemme søndag føremiddag. Eit notat frå fransk etterretning viser at dei er uroa for valdelege opptøyar ved ein eventuell Le Pen-siger.

Foto: FRANCOIS LO PRESTI / AFP

Hennar flaggsaker er innvandrings- og EU-motstand. Ho har den siste tida vore under etterforsking for å ha misbrukt EU-middel og å ha publisert valdelege IS-bilete.

Sjølv om ho har gjort mykje for å distansere seg frå faren og å vise seg frå ei litt mjukare side, har ho etter torsdagens angrep igjen funne fram ein hardare tone, og tek til orde for å utvise alle utlendingar som er i søkelyset til etterretninga. Den EU-skeptiske kandidaten vil også at Frankrike skal gjeninnføre grensekontrollen.

Bertrand Dutheil de la Rochère i Front National

Bertrand Dutheil de la Rochère i Front National.

Foto: Sigurd Falkenberg Mikkelsen / NRK

– Det som står på spel er klart. Det er det patriotiske prosjektet til Marine Le Pen mot globaliseringsprosjektet [til Macron] som vil øydelegge republikken og den franske sosiale modellen, seier Bertrand Dutheil de la Rochère til NRK.

Han er regional rådgivar for Nasjonal Front i Ile de France, der partiet står sterkt og har valt å ha si valvake.

– Men det betyr at vi må slåst. Vi har ikkje vunne. Vi har fransk media mot oss, og mange parti. Skilnaden er berre eit par prosent – det kan vi ta igjen.

Første omgang i det franske valget avholdes i dag

Skuffa og sint

Aurelie Assouline og Paul Godefroid

Aurelie Assouline og Paul Godfroid håpa på Fillon.

Foto: Marit Kolberg / NRK

– Det var ei katastrofe for partiet. Vi hadde venta i fem år, så skulle det gå sånn, seier ein trist og skuffa Aurelie Assouline til NRK utanfor valvaka til François Fillon.

Ho har jobba aktivt med valkampen, og seier det blir tungt å gå vidare.

Ho meiner det ikkje er bra for Frankrike å få ein så uerfaren president som Macron.

Men nå må vi tenke framover, seier ho.

– Eg er ikkje berre skuffa, eg er sint, seier Paul Godefroid.

Så vart valvaka avslutta med ei stille og lågmælt utgåve av den franske nasjonalsongen.

Første val under unntakstilstand

Valdeltakinga var eit av mange store usikkerheitsmoment, og det var venta at den ville vere lågare enn tidlegare. I forkant av valet har det vore ein stor del av usikre veljarar. Opp mot ein tredel har sagt at dei ikkje visste kven av dei 11 kandidatane dei ville stemme på. Estimat frå Ipsos viser at den endelege valdeltakinga vil ende på 77 prosent, litt svakare enn i 2012.

For første gong i historia går det føre seg eit presidentval i landet medan det er i unntakstilstand, og det var eit stort tryggingsoppbod idet millionar av franskmenn gjekk til urnene i dag, etter fleire angrep den siste tida, det seinaste berre tre dagar før valet.

Også i dag har det vore eit par hendingar der vallokale har blitt evakuerte pga. mistenkelege funn utanfor, men stort sett har valet gått roleg for seg. Over 50.000 politifolk har vore utplassert rundt stemmelokala. Likevel er etterretninga ifølge eit notat Le Parisien har fått tak i uroa for valdelege samanstøyt i etterkant av valet, spesielt om dei meir ekstreme kandidatane vil gå vidare.

Ein lakmustest for Europas framtid

Også frå Brussel følger dei med på det som har vore omtala som ein lakmustest for Europas framtid, i ei tid der populismen er på frammarsj. EU-venner fryktar at Frankrike kan følge i Storbritannias fotspor med eit såkalla Frexit – ein fransk utmelding av unionen, ikkje minst om EU-motstandarane Marine Le Pen eller Jean Luc Melenchon går av med sigeren.

Martin Schultz, tidlegare president i EU-parlamentet, var klar i sin tale tidlegare i dag:

– Eg er ganske sikker på at franskmennene vil seie nei til den forferdelege ultranasjonalisten, sa han under ein protest mot det tyske søsterpartiet til Le Pen, Alternativ for Tyskland, i Köln.

Også USAs president Donald Trump ofra det franske valet ein tweet i dag;

Laster Twitter-innhold

No blir det to ytterlegare veker med valkamp for vinnarane av første omgang før dei møtes til den endelege duellen i andre valomgang 7. mai. Her kjem spekulasjonane om taktisk stemmegiving nok berre til å auke. I 2002 samla veljarane seg rundt den konservative kandidaten Chirac og gjorde at Jean Marie Le Pen kunne sjå langt etter nokon valsiger, idet franskmennene omtalar som «den republikanske fronten».

France Election

Mange franskmenn håpar at den "republikanske fronten" vil samle seg i andre valrunde og hindre at Marine Le Pen blir Frankrikes president.

Foto: Emilio Morenatti / AP

Det som er klart er at den taktiske stemmegivinga vi såg i 2002 ikkje kjem til å fungere så godt denne gongen, har Jérome Fourquet frå Ipsos sagt til Politico i forkant av valet, og viser bl.a. til Melenchons veljarar, der 42 prosent seier at dei ikkje vil stemme i andre runde dersom valet står mellom Le Pen og Macron.

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt