Hopp til innhold

Må tilbake til jorda før tida

Mannskapet om bord i romferja "Endeavour" satsar på å nå amerikansk jord tysdag, før orkanen Dean kan råke kysten av USA. 

Romfergen Endeavour

Romferga 'Endeavour'

Foto: AP

Orkanen gjer at romferja må avbryte ferda si i rommet og vende tilbake til jorda ein dag tidlegare enn planlagt.

Landinga skal finne stad på Cape Canaveral i Florida søraust i USA klokka 18.32 norsk tid tysdag, opplyser den amerikanske romfartsadministrasjonen NASA.

Mannskapet på "Endeavour" kobla romferja frå den internasjonale romstasjonen ISS allereie søndag.

Mannskapet på Endeavour

Mannskapet på Endeavour

Foto: NASA VIDEO / AFP

Sjå også: Endeavour nådde ISS

Tar ingen sjansar

NASA fryktar at "Dean" skal komme inn over delstaten Texas sør i USA og gjere det umogleg for bakkekontrollen i Houston å leiie innflyginga til romferja. 

Sjølv om dette verka lite truleg måndag, ville ikkje romfartssjefane ta sjansar.

- Ingen ting er nokon gong sikkert med ein storm som denne, men akkurat no ser det bra ut. Faren for at Houston skal bli ramma, er i alle fall mindre no enn den har vore dei siste par dagane, sa sjefen for romfartsleiinga, John Shannon.

Les også: Fryktar store øydeleggjingar

Flykter fra 'Dean'

Sjekkar varmeskjoldet

Før heimreisa vart varmeskjoldet som skal beskytte "Endeavour"

Skaden på "Endeavour"

Skaden på 'Endeavour'

Foto: NASA / AFP

mot den enorme heten som oppstår når ferja kjem inn i atmosfæra, sjekka nok ein gong. 

NASAs fagfolk ville sikre seg om at skjoldet ikkje vart skadd av laus isolasjon under oppskytinga 8. august.

Sjå også: Endeavour

I 2003 førte skadar på varmeskjoldet til at romferja "Columbia" gjekk i oppløysing og stryrta rett før den skulle lande. 

Alle dei sju om bord mista livet. Skadane hadde oppstått under oppskytinga.  

Den internasjonale romstasjonen

Den internasjonale romstasjonen

Foto: NASA TV / AP

SISTE NYTT

Siste nytt