Hopp til innhold

– Må lære å dykke, eller bli i grotta i månader

Dei 12 gutane som er fanga i ei grotte nord i Thailand, må anten lære seg å dykke, eller bli i grotta i fleire månader til vatnet trekker seg tilbake.

Dykkere i grotte i Thailand

Dykkarar klarte måndag å ta seg fram til dei bortkomne gutane fire kilometer inne i grottesystemet.

Foto: Tham Luang Rescue Operation Center / AP

Mat for fire månader blir no brakt inn til gutane og trenaren deira som sit i ei luftlomme fire kilometer inne den vassfylte grotta.

Britiske dykkarar var dei første som klarte å ta seg fram til gutane, saman med marinejegerar frå Thailand.

Grotte Chiang Rai

Inngangen til grottesystemet

Foto: Sakchai Lalit / AP

Ei medisinsk gruppe har sjekka helsetilstanden til gutane, og fleire av dei har fått lettare skader frå opphaldet, opplyser guvernøren i området.

Redningsmannskapane vurderer no fleire alternativ for å få dei ut av grotta.

Dei 12 gutane som er fanga i ei grotte nord i Thailand, må anten lære seg å dykke, eller bli i grotta i fleire månader til vatnet trekker seg tilbake. Det seier ein talsmann for det thailandske forsvaret, ifølge BBC.

Dei unge gutane i alderen 11 til 16 år har vore innesperra i Tham Luang Nang Non-grotta i ti dagar, saman med den 25 år gamle fotballtrenaren sin.

Eit kraftig regnvêr gjorde at dei vart fanga inne i den 10 kilometer djupe labyrinten. Før dei vart funne måndag, hadde ingen sett eller høyrt frå dei på ei veke.

Får inn mat for fleire månader

Gutane får no matrasjonar for fire månader bringa inn til seg. Samstundes får dei dykkartrening.

Det er heilt i det blå kor lenge det vil ta før dei er ute i dagslyset igjen, og gjenforeinte med foreldra sine.

Samstundes går pumpene for fullt. Det seier Anand Surawan, talsperson for marinejegerane som jobbar med å få gutane ut.

Venter til det er trygt

Thailandske styresmakter opplyser tysdag morgon ifølgje NTB at gutane ikkje vil bli henta ut før dei er heilt sikre på at operasjonen vil bli vellukka.

– Tilstanden er ikkje alvorleg for nokon av gutane, men dei minste har helseproblem. En lege har vore og sett til dei, og dei har fått energi-gelé og enkle medisinar, seier guvernøren i Chiang rai-provinsen, Narongsak Osotthanakorn.

Han omtaler redningsaksjonen så langt som ein kjempesuksess.

– Vi har nådd ein historisk milepæl. Vi har oppnådd det vi i trudde skulle vere eit umogeleg oppdrag. men vi har berre oppnådd eit mål, søket. No er det tid for redningsbiten, seier guvernøren.

Osotthanakorn gav inga opplysning om når gutane vil kunne bli henta ut.

– Vi vil vere 100 prosent sikre på at det er trygt for dei å kome ut, understrekar han.

Guttene sittende på en fjellhylle i grotta

SISTE NYTT

Siste nytt