Hopp til innhold

– Det er vår oppgåve som ungararar å halde oppe folketalet

Med meir enn fire born slepp familien Bokros å betale inntektsskatt, og dei får statleg tilskot for å kjøpe seg ein større bil. Sånn vil regjeringa i Ungarn stoppe befolkningsnedgangen, utan å opne grensene for innvandring.

Ungarn storfamilie

Fem av dei ni borna bur framleis heime, og foreldra må følge eit strengt budsjett for å få endane til å møtest.

Foto: Hajdú D. András / NRK

Saman med kona Anna, har baptistpastoren László Bokros til saman ni born, fire av dei har dei adoptert. Framleis bur fem heime, medan dei eldste har byrja etablere seg med sine eigne familiar.

– Det er lenge sidan eg og László betalte skatt, så vi kan ta med oss heile løna heim, fortel Anna til NRK.

Baptiskyrkja

Kvar søndag går ekteparet og dei to yngste borna i kyrkja.

Foto: Hajdú D. András / NRK

Sjølv om dei slepp å betale inntektsskatt, og kan nytte godt av fleire støtteordningar som det å få økonomisk hjelp til å kjøpe ein større bil, understrekar dei at dei må vere nøysame. Dei lagar seg strenge budsjett, og den vesle kyrkjelyden er flinke til å byte til dømes barneklede med kvarandre.

For lønningane er lave, og momsen er så høg som EU tillèt, på 27 prosent, fortel dei til NRK.

Familie på kjøkkenet

Det blir fullt på kjøkkenet når det er middag. Familien har faste måltid og eit nøye kalkulert matbudsjett.

Foto: Hajdú D. András / NRK

Barnetrygd som nasjonsbygging

På mange måtar er familien Bokros idealet til den kontroversielle statsministeren i Ungarn, Viktor Orbán.

Middelklasse, konservative og mange born. Det er dei som skal vere berebjelken i den nye staten Orban bygger, ein stat som får massiv kritikk av EU.

Nyleg inviterte Viktor Orbán til ein stor konferanse om demografi og familieverdiar i Budapest. For regjeringa i Ungarn har eit stort problem. Folketalet minkar, samtidig som dei er sterkt imot innvandring.

Svaret har blitt å bruke store ressursar på å legge til rette for folkerike familiar.

Under konferansen åtvara Orban mot at den ungarske nasjonen står i fare for å bli utrydda:

– Det er ikkje utenkjeleg at det berre vil vere ein mann igjen som slår av lyset når han går, sa Orban.

– Og slik blir barnetrygd og skattelette noko meir enn berre økonomisk hjelp til familiar, det blir ein del av eit nasjonsbyggingsprosjekt, sa Katalin Kevehazi frå stiftinga JOL-LET til nyheitsportalen Balkan insight.

Far og son

Far og son på sykkel på veg heim frå kyrkja.

Foto: Hajdú D. András / NRK

– Det er vår oppgåve som ungararar å halde folketalet oppe

László og Anna inviterer NRK heim på middag. Her får vi sjå brudebilde av eldstedottera, som nyleg har gifta seg.

Anna fortel at frå og med i år kan nygifte søke om eit rentefritt lån på 270.000 kroner, som dei ikkje treng å betale tilbake viss dei får tre born eller meir.

– Dette har det gjort det mogeleg for henne og ektemannen å kjøpe seg ei leilegheit, fortel Anna.

Eldstedotra har gifta seg

Brudebildet til eldstedottera tronar på skjenken. Ho har nyleg har fått seg leilegheit ved hjelp av familieprogrammet til Viktor Orbán.

Foto: Hajdú D. András / NRK

Og slik slepp ein å vente for lenge før ein får barn.

13. oktober er det lokalval i Ungarn, og det er venta at Orban og Fidesz vil vinne stort. Ekteparet seier ikkje direkte at dei støttar politikken Viktor Orbán, men dei er samde i mange av kjernesakene.

Høgrepopulisten Orbán fører ein kraftig retorikk mot innvandrarar og flyktninger, og formidla vidare konspirasjonsteoriar om at muslimar vil invadere og ta over Europa.

– Korleis skal det bli familie av homofile, likekjønna par? Det blir ikkje det. Det held ikkje oppe befolkninga. Det er ikkje løysing i å hente inn folk frå andre stadar heller. Vårt samfunn er vår, ungararane si sak. Det er vår oppgåve å halde oppe folketalet, fortel László til NRK.

– Islam er problematisk

László er samd i at det er i pakt med kristen tru å hjelpe andre menneske i naud, men han tydelege meiningar om Islam:

– Bibelen lærer oss at vi skal tene vår neste, men islam seier at dersom nokon ikkje trur eller representerer islam, så skal dei bli drepne. Folk i Ungarn vil rett og slett ikkje at islam skal få makta, fortel han.

– Dei endrar samfunnet dei kjem til og gjer seg ikkje til nytte, vi tenkjer at dette er ei uvæpna folkevandring, seier Anna.

Storfamilie Ungarn

Med ein stor familie er det mykje glede å finne i fotoalbuma.

Foto: Hajdú D. András / NRK

Det er over 300 år sidan freden i Karlowitz gjorde slutt på den tyrkiske dominansen i Ungarn, men framleis er det frykt for at den ungarske nasjonen igjen vil kome under press.

Den liberale journalisten János Széky seier at Viktor Orbán ikkje ville få så stor suksess om han ikkje trefte ein nerve i det ungarske folket.

Janos Szeky

Kommentatoren János Széky meiner Viktor Orbán har folkeviljen i ryggen-

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Det er ikkje frykt, og det er ikkje undertrykking, sjølv om mange er råka av det. Det handlar om at fleirtalet får det dei vil ha, og det dei fortener, seier liberale Széky til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt