Hopp til innhold

Lungepest spreier seg på Madagaskar

39 menneske er døde etter utbrot av ein aggressiv lungepest i øystaten Madagaskar i Indiahavet.

Styresmaktene i landet ber alle som lir av feber og hovudverk om å ta kontakt med helsestellet for å få gratis antibiotika. Problemet er at pesten utviklar seg så raskt at mange ikkje rekk å skaffe seg antibiotika. Legar seier at pesten er farlegare enn utbrotet som førte til svartedauden i Mellomalderen.

Epidemien har ramma fem av til saman 112 distrikt, og til saman er 86 menneske smitta, opplyser helsestyresmaktene på øya. Det er uklart om styresmaktene meiner dei har kontroll over situasjonen.

Rotter er smitteberarar

Utbrotet av pesten blir skulda på rotter, som på grunn av ein ukontrollert avskoging i landet trekkjer inn mot tett busette områda. Bakterien har overlevd i dyr i fleire hundre år. Utbrot opp gjennom hundreåra har kosta fleire millionar liv, og utbrot skjer også i vår tid, trass i effektive antibiotika.

Smitten skjer frå rotter til menneske via bit. Sjukdomen blir også overført via fluger og andre insekt til menneske, og bakterien kan overførast også via dropesmitte.

Verdas helseorganisasjon WHO seier at lungepesten er ein av dei mest dødelege epidemiane i verda i dag, med ei svært høg dødsrate.

Oppdaga i oktober

Det første dødsfallet som følgje av lungepesten vart registrert på Madagaskar i oktober, men styresmaktene sa ikkje offisielt at det var ein pest før 23. november.

Ein lege, som ikkje vil gi opp namnet sitt fordi han ikkje er autorisert til å snakke med media, seier til AFP at det første tilfellet av lungepesten vart oppdaga i ein avsidesliggjande landsby i regionen Mandritsara.

Både WHO og Det internasjonale Røde Kors har sendt ekspertar til Madagaskar for å hjelpe til med å hindre lungepesten i å spreie seg vidare.

Utbrotet av den farlege sjukdomen skjer berre kort tid før andre omgang av presidentvalet. Det har vore eit håp om at valet skal få slutt på den fire år gamle politiske og økonomiske krisa i landet.

Skogbrenning som protest

Jean Claude Rabemanantsoa er statsråd for skogsaker. Han seier at brenning av skog er ein tradisjonell måte for mange på Madagaskar å protestere mot styresmaktene på. Han fortel at det i år har vore ein auke i talet på skogbrannar. Langvarig tørke er også ei årsak til at det har vore fleire brannar.

Rabemanantsoa fortel til nyheitsbyrået AFP at det er ei gammal overtru på Madagaskar om at røyken frå skogbrannar blir til skyer som igjen gir regn.

Verdas helseorganisasjon er uroa for det faktum at stadig fleire bakteriekulturar blir immune mot antibiotika.

LES OGSÅ: Trenger 240 millioner for å bekjempe gresshopper

LES OGSÅ: Terrorknebler norske ambassader i Midtøsten og Afrika etter trusler

LES OGSÅ: To europeere lynsjet på Madagaskar

SISTE NYTT

Siste nytt