Hopp til innhold

Luksustog krasja i Sør-Afrika

Tre personar misste livet då eit luksustog spora av i Sør-Afrika. Ein av dei døde var eit nyfødd barn.

Togkrasj Sør Afrika

50 dagar før fotball-VM sparkar i gang, blir luksustoget Rovos Rail ramma av ei dødsulykke.

Foto: AFP

Togulukke i Sør-Afrika

Toget Rovos Rail er ifølgje eigaren det mest eksklusive toget i verda.

Foto: AFP

Toget som frakta utanlandske turistar på luksussafari, spora av utanfor hovudstaden Pretoria. To kvinnelege arbeidarar døydde, ei av dei var gravid. Ho fødde like etter togkrasjen, men heller ikkje barnet overlevde.

Luksustog

Om bord på luksustoget Rovos Rail var 55 passasjerar og 30 arbeidarar. I tillegg til dei omkomne vart fem kritisk skadde og 35 fekk mindre skader, melder nyheitsbyrået AFP.

Toget blir omtalt av eigaren Rohan Vos som det mest lukseriøse toget i verda. Ein tur med toget kan koste så mykje som 56.000 dollar. Ulykka var den første dødsulykka i selskapet si historie.

Rett før VM

Ulukka skjedde 50 dagar før fotball-VM startar i Sør-Afrika. Transportminister Sibusiso Ndebele var raskt ute og forsikra fotballfans frå heile verda at det vil vere trygt å bruke kollektivtransport i landet under VM.

Ifølgje toginspektørar skjedde ulykka då toget bytta frå elektrisk motor til dampkraft.

SISTE NYTT

Siste nytt