Hopp til innhold

Luksus-husvære til heimlause frå Grenfell Tower

London by har kjøpt 68 luksus-husvære i eit stort bustadprosjekt i eitt av dei flottaste strøka i London til dei som miste heimane sine i brannen i Grenfell Tower for ei veke sidan.

Kensington Row-prosjektet i London.

Slik blir Kensington Row-prosjektet presentert i prospektet til utbyggjaren Berkeley Group.

Det er viktig for kommunen at dei som miste alt i brannen raskt får nytt tilbod om bustad i same bydelen, altså Kensington og Chelsea. Grenfell Tower ligg i den nordlege delen av Kensington, medan det nye bustadprosjektet, Kensington Row, ligg i det langt meir eksklusive Sør-Kensington.

Her startar prisane på ei eittroms husvære på 1,5 millionar pund, rundt 16 millionar kroner. Dei dyraste leilegheitene kjem på langt over 90 millionar kroner.

Symjebasseng og kino

Demonstrasjon i London for trygge sosialbustader.

Også i dag var det demonstrasjonar for trygge sosialbustader i London.

Foto: Daniel Leal-olivas / AFP

Bustadkomplekset kan blant anna tilby døgnopen resepsjon, symjebasseng, sauna og spa og privat kino.

Ifølgje The Guardian er det uklart om dei som kjem frå Grenfell Tower vil få tilgang til alle desse tilboda. Det blir nok neppe så eksklusiv innreiing i husværa kommunen har kjøpt, som dei vi kan sjå eksempel på i prospektet til utbyggjaren.

Styreleiar Tony Pidgley i selskapet som har stått for utbygginga, Berkeley Group, seier dette:

– Vi må finne trygge heimar til alle saman i området dei kjenner og har venene sine, slik at dei kan kome i gang med å byggje opp att liva sine.

Det er håp om at dei fleste frå den brannherja høgblokka kan få eit tilbod om nytt husvære i løpet av juli og august.

Sjå bileta frå bustadprosjektet Kensington Row her

– To ulike byar

Jeremy Corbyn

Labour-leiar Jeremy Corbyn er ein av dei som har kravd at dei som miste heimane sine i brannen i Grenfell Tower, måtte få eit nytt tilbod i same bydelen.

Foto: Ho / AFP

Labour-leiar Jeremy Corbyn sa sist veke at Kensington eigentleg er to fullstendig ulike byar.

– Det sørlege delen av Kensington er enormt velståande, kanskje den rikaste staden i heile landet. Området der brannen i Nord-Kensington ramma er kanskje det fattigaste i landet. No må vi finne eigedomar til dei i nærområdet, sa han blant anna.

I fleire dagar har det vore demonstrasjonar i London med krav om trygge sosialbustader . Det har vore retta sterk kritikk mot kommunen for å ha slurva med vedlikehaldet av Grenfell Tower, og for at det vart brukt brannfarlege plater på fasaden.

Det er ei blanding av eittroms, toroms og treroms husvære Corporation of London har kjøpt, og som no blir ein del av kommunen sitt nett av sosialbustader. Både kommunen sine folk og utbyggjarane har jobba på spreng den siste veka for å skaffe eit tilbod til brannoffera så snart som mogleg.

Grenfell Tower innsiden

VIDEO: Sjå den brannherja bygningen frå utsida.

Slik ser brannblokka ut på innsiden – kledningen kan ha vært ulovlig

Dronning Elizabeth rørte britene på bursdagen

SISTE NYTT

Siste nytt