Ein talsmann for KFOR seier at styresmaktene informerte dei om dette i dag. Også i mars vart grenseovergangane til Kosovo stengde, men då gjaldt ikkje forbodet KFOR og hjelpearbeidarar.
Tidlegare i dag skulda den makedonske regjeringa NATO og EU for å støtte den albanske geriljaen.
Kampane mellom dei albanske opprørarane og den makedonske regjeringshæren har spreidd seg til område lenger vest i
Makedonia. I kveld braut det igjen ut kampar rundt Tetovo, dels svært nær sentrum av byen.
Ein talsmann for opprørarane seier at det var skotveksling mellom ein grensepatrulje og geriljaen i grenseområdet
mellom Makedonia og Albania. Ein makedonsk soldat skal vere drepen i trefningane.
Geriljane styrkjer også posisjonane sine utanfor den albanskdominerte byen Tetevo.