Hopp til innhold

Lukasjenko byter ut si høgre hand

Medan kritikken haglar mot den kviterussiske presidenten Aleksandr Lukasjenko, har han peikt seg ut ein lojal støttespelar som ny statsminister.

Aleksandr Lukasjenko

Aleksandr Lukasjenko, har utnemnt Mikhajl Myasnikovitsj til ny statsminister i Kviterussland.

Foto: SERGEI SUPINSKY / Afp

Lukasjenko stokkar om på den kviterussiske regjeringa knappe to veker etter at han stakk av med sigeren i eit svært omdiskutert presidentval.

Mikhajl Myasnikovitsj, som er akademikar og rekna som svært trufast overfor Lukasjenko sitt regime, erstattar Sergej Sidorskij.

Sidorskij må dermed ta sin hatt og gå etter sju år som statsminister i landet.

I tillegg til å peika ut ein ny statsminister bytar Lukasjenko ut fire av fem statssekretærar, ifølgje talspersonar ved presidenten sitt kontor.

Overlegen siger

Valkommisjonen i den tidlegare Sovjet-staten annonserte førre veke dei offisielle resultata frå presidentvalet som gjekk føre seg søndag 19.desember.

Ifølgje kommisjonen vann Lukasjenko overlegent med heile 79,6 prosent av stemmene. Den nærmaste utfordraren fekk 2,4 prosent oppslutnad.

Lukasjenko-regimet har lenge fått kritikk i Vesten. Mannen, som har styrt landet sidan 1994 vert ofte omtalt som «Europas siste diktator».

600 arresterte

Etter at han førre søndag blei attvald for fjerde gong, har fleire tusen kviterussarar demonstrert mot det dei meiner var utstrakt valfusk.

BELARUS-VOTE-RESULTS-PROTEST

Demonstrasjonar i den kviterussiske hovudstaden Minsk etter valet.

Foto: VIKTOR DRACHEV / Afp

Opprørspoliti på Uavhengighetsplassen i Minsk

Opprørspoliti på Uavhengigheitsplassen i Minsk.

Foto: Sergei Grits / Ap
Opprørspoliti har slått hardt ned på dei massive protestane. Så mange som 600 personar er pågripne.

Blant dei er fem av dei ni presidentkandidatane som utfordra Lukasjenko i valet, og fleire framståande opposisjonspolitikarar og menneskerettsaktivistar.

– Skadar forholdet til Russland

Kviterussland har framleis nære politiske og kulturelle band til Russland. Russiske styresmakter har lenge støtta Lukasjenko sitt regime, men leiinga i Kreml har den siste tida distansert seg frå den eigenrådige diktatoren.

At 11 russiske statsborgarar no sit fengsla i samband med valopprøret i Kviterussland, har ikkje gjort samarbeidsklimaet mellom dei to nabolanda betre.

Tysdag oppmoda Russland den kviterussiske ambassadøren til å ta avstand frå fengslinga.

«Arrestasjonane skadar den politiske atmosfæren mellom Russland og Kviterussland. Me understrekjer nok ein gong at alle russiske borgarar som er pågripne i Minsk må verta lauslatne», heiter det i ei kunngjering frå det russiske utanriksdepartementet.

SISTE NYTT

Siste nytt