Hopp til innhold

– Vårt verste mareritt har blitt verkeleg

Andrepiloten styrta flyet med vilje, det bekreftar direktøren for Lufthansa Carsten Spohr.

Carsten Spohr

Politi ved heimen til andrepiloten Andreas Lubitz. Lufthansa bekreftar i dag at Lubitz styrta passasjerflyet han førte med vilje. Direktør i Lufthansa, Carsten Spohr, er innfelt til høgre.

Spohr haldt ein pressekonferanse saman med direktøren for Germanwings, Thomas Winkelmann. Der la han vekt på at begge pilotane var høgt kvalifiserte flygarar.

Andrepiloten har gått gjennom tøffe psykologiske og fysiske testar. Han skulle vere i stand til å takle alle oppgåver vi gav han, sa Spohr.

Andreas Lubitz

Andrepilot Andreas Lubitz (28)

– Eit mareritt

– Det som har skjedd er eit enormt sjokk, vi kan ikkje forklare kvifor det skjedde, sa Spohr. Vårt verste mareritt har blitt verkeleg, sa Spohr.

Andrepiloten er identifisert som den 28 år gamle tyskaren Andreas Lubitz. Han hadde låst kapteinen ute då han forlot cockpit, truleg for å gå på do.

Lubitz hadde jobba for Germanwings sidan 2013. Han var utdanna i Lufthansa-systemet, og hadde dei beste kvalifikasjonane.

FRANCE-CRASH/ Lufthansa Chief Executive Carsten Spohr and Germanwings Managing Director Thomas Winkelmann (R) stand after a news conference at Barcelona's El Prat airport

Thomas Winkelmann, direktør i Germanwings (til venstre). Carsten Spohr direktør i moderselskapet Lufthansa (til høgre). Frå ein tidlegare pressekonferanse.

Foto: ALBERT GEA / Reuters

– Andrepiloten hadde avbrot i utdanninga

– For seks år sidan hadde Lubitz eit lenger avbrekk i utdanninga. Etter det vart slått fast på ny at kandidaten var eigna, tok han opp att utdanninga.

– Etter det bestod han alle medisinske og flygarfaglege testar, sa Spohr.

På spørsmål frå pressen om kva som låg bak dette avbrekket, hadde ikkje direktør Spohr noko meir å tilføye. Men fortel han hadde ein ny pause i flygarkarriera etter han var ferdig utdanna.

– Etter utdanninga hadde han ei ventetid på 11 månadar før han kunne byrje som flygar. I denne perioden arbeidde han som kabinpersonale. Dette er ikkje uvanleg, sa Spohr.

På spørsmål frå pressen om kva som låg bak denne pausen, hadde ikkje direktør Spohr noko meir å tilføye.

– Kan ikkje garantere at det ikkje skjer igjen

– Vi ber om at noko slikt aldri vil skje igjen, sa Spohr.

– Men uansett kor mykje vi satsar på kvalitet og tryggleik, kan vi aldri sikre oss hundre prosent mot slike hendingar, sa Spohr.

– Meir enn sjølvmord

– Var dette sjølvmord?

– Eg er ingen jurist, men når ein har ansvaret for så mange menneske, det er snakk om 155 passasjerar, så er det i tilfelle snakk om meir enn sjølvmord, sa Spohr.

Lufthansa hevdar det er umogleg å vite kva som kunne ha vore motivet til andrepiloten. Men at terror var eit usannsynleg scenario.

– Umogleg å kome seg inn i cockpit når døra er låst

– Finnes det noko moglegheit for at kapteinen kunne kome seg tilbake i cockpiten ved hjelp av ein kode?

– Vi har tenkt på dette, men slik det er no er det umogleg å ta seg inn i cockpit om den er låst. Døra er armert. Men vi har tenkt på ulike løysingar for å gjere det mogleg å ta seg inn i cockpit, sa Spohr.

Flykapteinen skal ha banka desperat på døra dei siste minutta før flyet styrta.

– Ville øydelegge flyet

Brice Robin, som leier etterforskinga av flystyrten i dei franske Alpene, var den første til å seie at andrepiloten truleg hadde styrta flyet med vilje.

– Lydopptaka tyder på at andrepiloten bevisst endra høgde på flyet, og at han ynskte å øydelegge flyet, sa Robin på ein pressekonferanse.

– Stille i cockpit

Dei franske etterforskarane har sidan onsdag undersøkt opptaka på taleregistratoren. Den tyske transportministeren Alexander Dobrindt sa på ein pressekonferanse at det var stille i cockpit dei siste minutta.

– Etter at kapteinen forlét cockpit vart det ikkje sagt noko meir. Det var stille, vi høyrde berre pusten til andrepiloten, sa Dobrindt.

Tviler på at det er terror

Etterforskarane seier dei tviler på at flystyrten kan knyttast til terror. Spekulasjonane går i om andrepiloten hadde personlege problem, og politietterforskarar undersøker no heimen hans i Montabaur, Tyskland.

– Sjekkar flygarane våre regelmessig

Lufthansa legg vekt på at dei testar psyken til flygarane sine regelmessig. No vil dei trappe opp denne testinga.

SISTE NYTT

Siste nytt