NRK Meny
Normal

Lufthansa innstiller 72 avgangar i Noreg

Det tyske flyselskapet Lufthansa innstiller 3800 avgangar onsdag til fredag på grunn av trugsmål om streik. Fly som skulle ha gått til og frå Oslo, Bergen og Stavanger blir dermed ståande på bakken.

Germany Lufthansa Strike

3800 flyavgangar blir kansellerte frå onsdag grunna fare for streik i tyske Lufthansa. Stoppen i flygingane er ein av dei største i historia til Lufthansa. ifølgje det tyske nyheitsbyrået DPA.

Foto: Federico Gambarini / Ap

Heile 425.000 passasjerar blir råka av avgjerda som Lufthansa seier dei har teke på grunn av truslar om streik frå flygarane i selskapet.

Faren for streik får også konsekvensar for nordmenn.

Flyselskapet varslar måndag kveld at det innstiller 72 flygingar til og frå Oslo, Bergen og Stavanger frå onsdag til fredag.

Kan få pengane tilbake

«På grunn av den planlagde streiken frå fagforeininga Cockpit, vil 3800 flygingar bli innstilte onsdag, torsdag og fredag. I dei tre dagane med arbeidsstopp frå Cockpit vil det berre bli gjennomført rundt 500 kort- og langdistanseflygingar av Lufthansa og Germanwings», opplyser selskapet i ei utsegn.

– Me held på med å oppdatera lista over fly som vert kansellerte. Me oppfordrar passasjerane til å sjekka nettsida før dei skal ut og reisa, seier talsmann Martin Riecken i Lufthansa til NRK.

Flyselskapet opplyser også at dei passasjerane som har kjøpt billettar med fly som vert råka av streiken, kan få pengane tilbake, eller dei kan få hjelp til å bli booka om til andre avgangar, eventuelt med eit anna selskap.

– Ein av dei største i historia

Det tyske nyheitsbyrået DPA kallar stoppen i flygingane for ein av dei største i historia til Lufthansa. Passasjerane blir bedne om å orientere seg på internettsidene til selskapet. Også cargoflygingar blir innstilte.

Selskapet har til vanleg daglege flygingar til og frå Noreg.

Flygingar som er opererte av dei Lufthansa-eigde selskapa Eurowings, Lufthansa CityLine og Air Dolomiti, vil for det meste gå som planlagt. Det kjem av at flygarane i desse selskapa ikkje vil ta del i den varsla streiken.

Flygarforbundet Cockpit varsla streiken i førre veke. Flygarane krev høgare lønn og betre pensjonsvilkår.

– Eg beklagar djupt at Cockpit ikkje er budde på å finne ei løysing gjennom forhandlingar og utan ein arbeidskonflikt, seier Lufthansas personalsjef Bettina Volkens.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt