Dette er klart etter at ein domstol i Khartoum i Sudan har avsagt dom i saka mot henne i dag.
40 piskeslag
Påtalemakta hadde gått inn for at Lubna Hussein skulle dømmast til 40 piskeslag, men dommaren gav henne i staden ei bot på 500 sudanesiske pund, i overkant av 1000 norske kroner.
Likevel slo domstolen fast at bukser er usømeleg for ei kvinne.
- Eg har ikkje tenkt å betale bota, eg går heller i fengsel, seier Lubna Hussein til AFP.
Rettssaka var stengd for journalistar, men folk som var til stades i retten seier at straffa blir ein månad i fengsel om ho ikkje betalar bota.
Maksimumsstraffa for å gå usømeleg kledd i Sudan er på 40 piskeslag.
Usømeleg
Lubna Hussein, ein tidlegare journalist som no arbeider for FN, vart arrestert saman med 12 andre kvinner i ein restaurant i Khartoum. Alle 12 var kledde i bukser.
Ho har i retten prøvd å overtyde dommaren om at buksene ho har gått i på ingen måte er usømelege, men dette fekk ho altså ingen støtte for.
Tidlegare i gjekk politifolk laus på ei gruppe kvinnelege demonstrantar utanfor rettslokalet med batongar. Kvinne demonstrerte til støtte for Lubna Hussein, og fleire av dei gjekk i bukser.
40 kvinner pågripne
Rundt 40 av kvinnene vart pågripne og køyrde bort av politiet.
Også ei gruppe mannlege islamistar gjekk laus på dei demonstrerande kvinne. Dei ropte "Alluh Akbar" (Gud er stor) og kalla kvinnene for prostituerte og horer.
Islamistane, som var kledde i den tradisjonelle klesdrakta, kravde at Lubna Hussein, skulle straffast hardt.