Hopp til innhold

Lovar moderat islamsk styre i Libya

Leiaren for det libyske overgangsrådet, Mustafa Abdel Jalil lovar å innføre eit moderat, islamsk styre i Libya.

Mustafa Abdel Jalil vinkar til tilhengjarar i Tripoli.

Leiaren for overgangsrådet i Libya, Mustafa Abdel Jalil, vinkar til tilhengjarar i Tripoli.

Foto: Francois Mori / Ap

Enorm jubel i sentrum av Tripoli.

Ein gut viser sigersteiknet under feiringa av revolusjonen i Libya i Tripoli måndag kveld.

Foto: Francois Mori / Ap

Jalil sa dette i ein tale til ei stor folkemengde i sentrum av Tripoli seint måndag kveld. Fleire tusen menneske var samla for å ta mot Jalil då han kom til hovudstaden frå Benghazi, og han vart møtt med stor jubel.

Nei til ekstremisme

- Moderat islam vil veret hovudkjelda for lovgjevinga vår i det nye Libya etter Gaddafi. Vi vil ikkje ha ein ekstremist-ideologi, korkje til venstre eller til høgre. Vi er eit muslmsk land, vi er for eit moderat islam, og vi vil følgje den vegen, sa han blant anna i talen.

Samstundes som fleire tusen feira sigeren over Gaddafi-regimet i Tripoli, held kampane fram andre stader i landet. Soldatane som framleis støttar Gaddafi har ytt sterk motstand i både Bani Walid og Gaddafis fødeby Sirte.

I dag la terrornettverket Al Qaida ut ein ny video der nestleiaren Ayman Al-Zawahri hylla revolusjonane i dei arabiske landa.

Også born deltok i feiringa i Tripoli.

Denne guten ville også feire den libyske revolusjonen.

Foto: JOSEPH EID / Afp

Eit stort tal sivile skal ha flykta frå Bani Walid det siste døgnet etter dei harde kampane mellom revolusjonsstyrken og Gaddafi-soldatane. I går kveld stod også Muammar Gaddafi fram på ein syrisk fjernsynskanal og gjorde det klart at han ikkje har tenkt å gi seg.

Vil knuse kuppmakarane

- Vi skal knuse dei som stod bak kuppet. Det kjem aldri på tale å gi Libya tilbake til kolonistane, sa han. Og Gaddafi heldt fram i kjent stil:

- Alt vi kan gjere er å kjempe til vi har sigra over kuppmakarane.

Det er uklart kvar Gaddafi oppheld seg. Nokre kjelder seier han er i Bani Walid, andre seier han er i Sirte og atter andre igjen seier han har reist frå landet. Dei fleste reknar med at han framleis er i Libya.

Muammar al-Gaddafi i Sirte 2010

Muammar Gaddafi nektar å gi opp kampen i Libya.

Foto: ASMAA WAGUIH / Reuters

Og det er tydeleg at støttespelarane framleis er i stand til å bite frå seg. I går greidde ei gruppe å gjennomføre eit angrep mot den viktige oljebyen Ras Lanuf, som er på dei nye makthavarane sine hender. 12 revolusjonssoldatar vart drepne i dette angrepet.

Overraska over motstanden

Gaddafi-soldatar har skote store mengder Grad-rakettar frå Bani Walid mot revolusjonsstyrken utanfor byen, og ein talsmann for overgangsrådet seier at dei er overraska over den sterke motstanden dei har møtt utanfor byen.

Også NATO har delteke i angrepa mot Bani Walid .

Likevel er det mange Gaddafi-støttespelarar som flyktar frå Libya. I går kom ei gruppe på 32 toppfolk frå det gamle regimet til Niger, blant dei ein av sønene til Muammar Gaddafi, Saadi.

Styresmaktene i Niger har gjort det klart at dei vil vil pågripe Saadi Gaddafi .

Jubelscener i Tripoli i Libya måndag 12. september.

Mustafa Abdel Jalil vart møtt av ei jublanda folkemengde då han kom til Tripoli seint måndag kveld.

Foto: Francois Mori / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt