Hopp til innhold

Den muslimske brorskapen lovar nye demonstrasjonar kvar dag

Den muslimske brorskapen ber tilhengjarane sine om å avslutte demonstrasjonane for kvelden, men oppmodar til nye demonstrasjonar kvar dag framover. Minst 70 er drepne i dag.

Mange drepne i uro i Kairo.

Ein skadd demonstrant blir boren bort under uroa i Kairo fredag.

Foto: KHALED KAMEL / Afp

Tilhengjarar av den muslimske brorskapen og den avsette presidenten Mohamed Morsi har halde store demonstrasjonar over heile Egypt i dag i protestar mot regjeringa og hæren. Fleire titals menneske er drepne i uroa i dag, både demonstrantar og politifolk, truleg er dødstalet minst 70.

Den muslimske brorskapen seier at talet på drepne er over 100, og at 50 av dei vart skotne i Kairo. Styresmaktene opplyser at 24 politifolk er drepne sidan torsdag kveld, og at det har vore angrep på 15 politistasjonar.

Uro i Kairo.

Demonstrantar ropar slagord mot den nye egyptiske regjeringa og hæren under uroa i Kairo fredag.

Foto: Hassan Ammar / Ap

Den muslimske brorskapen har framstilt det som om deira støttespelarar ute i gatene har vore fredelege demonstrantar utan våpen, men det er ikkje tvil om at ein del demonstrantar har hatt våpen med seg. Journalistar frå fleire nyheitsbyrå melder at dei har sett demonstrantar med automatvåpen i Kairo i dag.

Lovar nye demonstrasjonar

Brorskap-talsmann Gehad El-Haddad seier at demonstrasjonane i dag blir avslutta rundt klokka 20 norsk tid, i tid for kveldsbøna og garvferdsbøna. LIkevel blir det seint fredag kveld framleis meldt om spreidd uro i byen. El-Haddad lovar nye demonstrasjonar kvar dag framover.

– Vi ber det egyptiske folk og nasjonale krefter om å protestere kvar dag heilt til kuppet er slått tilbake, heiter det i ei fråsegn frå den islamistiske organisasjonen.

Uro i Kairo.

Demonstrantar ropar slagord mot hæren og regjeringa på Ramsesplassen i sentrum av Kairo.

Foto: Khalil Hamra / Ap

Det har vore kraftige samanstøytar mellom politi og demonstrantar i byar over heile Egypt i dag. Det er uklart kor mange som har delteke i demonstrasjonane mot det nye regimet, men det er truleg snakk om fleire hundre tusen.

I dag har vore kalla ein vreidens fredag, og Den muslimske brorskapen har sagt at fleire millionar egyptarar ville ta til gatene.

LES OGSÅ: – Støtten er det siste USA har igjen

LES OGSÅ: Forsøker å redde skadde med bomull og bandasjer i Kairo

Minst 70 drepne

Det franske nyheitsbyrået AFP melder i kveld at minst 70 menneske er drepne i uroa i dag, og at delar av sentrum av hovudstaden Kairo i dag har vore ein rein krigsskodeplass.

Uroa i dag kjem to dagar etter at minst 578 menneske vart drepne då egyptisk politi og tryggingsstyrkar rydda to leirar der tilhengjarar av den avsette presidenten Mohamed Morsi hadde forskansa seg.

Mange drepne i uroa i Kairo.

Slektningar sørgjer over drepne familiemedlemer ved ein moske i Kairo.

Foto: Hassan Ammar / Ap

Brorskap-talsmann Gehad El-Haddad seier at militæret si avsetjing av Mohamed Morsi, og drapa på dei mange demonstrantane onsdag, har skapt eit sinne blant brorskapet sine medlemer som ikkje er mogleg å styre.

Den nye regjeringa i Egypt er fast bestemt på å slå ned opprøret frå Den muslimske brorskapen. I ei fråsegn i dag heiter det at Den muslimske brorskapen står bak ei terror-samansverjing.

LES OGSÅ: Fredagsbønnen er over og demonstrantene marsjerer mot soldatene

Angrep på kyrkjer

Tilhengjarar av Den muslimske brorskapen har ikkje berre retta sinnet sitt mot tryggingsstyrkane, men også mot den kristne minoriteten i landet. Det er meldt at 50 koptiske kyrkjer er sette i brann i løpet av dei siste dagane. Den kristne koptiske minoriteten utgjer rundt 10 prosent av dei rundt 85 millionar innbyggjarane i Egypt.

Det skal også ha vore angrep mot kristne skular og kristne nabolag i alle dei 27 provinsane i Egypt, opplyser organisasjonen EIPR, Det egyptiske initiativet for private rettar.

Organisasjonen trur brorskapsmedlemer har gjennomført angrepa mot kristne som hemn for at den koptiske paven Tawadros II gav si støtte til at hæren avsette Mohamed Morsi som president. Dei koptiske innbyggjarane har lenge sett på Den muslimske brorskapen som ein fare.

SISTE NYTT

Siste nytt