- Ultimatumet kjem frå ein mann som ikkje er heilt bra. Det burde vere George Bush og familien hans som trekte seg tilbake, heiter det i ei fråsegn frå Uday Hussein, eldste sonen til Saddam Hussein.
Uday Hussein lovar dei amerikanske styrkane blodig motstand.
Gråte blod
- Konene og mødrene til dei amerikanarane som vil kjempe mot oss vil gråte blod og ikkje tårer. Dei skal ikkje tru at dei vil ha ein trygg flekk korkje inne i Irak eller utanfor, seier diktator-sonen, som sjølv har ei høgtståande stilling i det irakiske maktapparatet.
37 år gamle Uday Hussein har dei siste åra prøvd å byggje seg opp eit image som ein seriøs politikar. Han er stadig å sjå på irakisk fjernsyn når han tek mot utanlandske utsendingar i det luksuriøse kontoret sitt. Eller når han deler ut medaljar til friviljuge i Saddams Fedayeem, ein paramilitær styrke som han både har grunnlagt og framleis leier.
Tidlegare var han kjend for å vere glad i luksus, og viste seg ofte i kvit dress køyrande ein knallraud Rolls Royce. Han hadde til og med ei løve som han ofte leidde i band. Han har også ord på seg for å ha vore ekstremt valdeleg. Ein irakisk avhoppar har fortalt at han torturerte spelarar på det irakiske fotballandslaget når laget tapte.
Attentat
I desember 1996 blei Uday Hussein utsett for eit attentat, der han blei alvorleg skadd. Det tok lang tid før han kunne bruke føtene sine igjen, men tre år etter attentatet viste irakisk fjernsyn bilete av han symjande i Tigris. Dette skulle vise at han var på beina igjen.
I dag, over fem år etter attentatet, haltar Uday Hussein framleis, men han har gradvis blitt ein stadig viktigare mann i maktapparatet til Saddam Hussein. Ein av medarbeidarane hans sa nyleg til nyheitsbyrået AFP at 37-åringen i dag er ein langt meir reflektert og mogen mann enn tidlegare.
Av dei mange verva Uday Hussein har kan vi nemne: President i den irakiske journalistunionen, president i studentunionen og styreleiar i sju vekeaviser. Han er sjefredaktør og eigar av den største avisa i landet, Babel, sjef for fleire radio- og tv-stasjonar, sjef for Iraks olympiske komite, president i fotballforbundet med mykje meir.
Århundrets største
I tillegg eig han eit gigantisk nattklubb- og restaurantkompleks. I april 2000 vart han utnemnd til det 20. årshundrets største journalist av eit overveldande fleirtal av irakiske journalistar.