Hopp til innhold

Lovar å byggje opp igjen jordskjelvramma landsbyar til gammal prakt

Italias statsminister Matteo Renzi lovar å byggje opp igjen landsbyane som vart øydelagde i jordskjelvet i august, slik at dei blir like vakre som dei var før skjelvet. Det vil koste over 37 milliardar kroner.

Jordskjelv i Amatrice.

Amatrice var ein av landsbyane som vart hardast ramma av jordskjelvet natt til 24. august.

Foto: STRINGER / Reuters

297 menneske omkom i jordskjelvkatastrofen i det sentrale Italia natt til 24. august. Mange landsbyar i regionane Lazio, Marches, Umbria og Abruzzo vart fullstendig øydelagde i skjelvet, som målte 6,0 til 6,2 på jordskjelvskalaen.

Matteo Renzi er statsminister i Italia.

Statsminister Matteo Renzo lovar å byggje opp igjen dei øydelagde landsbyane etter jordskjelvet.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

– Vil skal byggje opp igjen landet vårt etter skjelvet slik at det blir like vakker, kanskje vakrare enn før, sa statsministeren på ein pressekonferanse i Roma i dag.

Renzi gjorde det klart at skjelvet gjorde stor materiell skade også i landsbyar der det ikkje er meldt om omkomne.

3000 menneske er heimlause etter naturkatastrofen, og 2500 av desse bur i teltleirar. Det å få menneske ut av teltleirane og inn i meir permanente bustader, har topp prioritet for den italienske regjeringa. Renzi lovar at det blir gjort eit stort løft for å få folk ut av desse leirane alt denne helga.

– Det faktum at det har fått ein månad sidan skjelvet, har gjort at det ikkje lenger er like stort fokus på situasjonen. Men det tek ikkje bort sorga til familiane til dei som miste livet, og det er plikta vår å ta hand om dei, sa Renzi blant anna på pressekonferansen.

Hund funnet i live i ruinene etter ni dager

Gitt opp å finne overlevende i Amatrice

Fleire hundre tok farvel med jordskjelvoffer

Italia jordskjelv

Eit eksempel på ein italiensk landsby før og etter jordskjelvet.

Foto: Scanpix/Google Maps
Jordskjelv i Italia

Jordskjelvet i Italia i august kosta nesten 300 menneske livet, og 3000 er framleis huslause etter katastrofen.

Foto: MARCO ZEPPETELLA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt