Lokka med pengar for å spreia falsk koronainfo

Youtubarar fekk tilbod om store summar for å spreia feilinformasjon om korona. No har både franske og tyske myndigheiter starta etterforsking.

YouTube

Youtubarane ville ta firmaet som ville ha dei til å spreia feilinformasjon om korona. Illustrasjonsfoto.

Foto: Olivier Douliery / AFP

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I mai fekk Léo Grasset, ein fransk youtubar som driv ein vitskapskanal med over 1,2 millionar abonnentar, ein e-post eit ukjend marknadsføringsbyrå som kalla seg «Fazze»

Dei ville ha han til å seia at dødsraten for dei som hadde fått Pfizer-vaksinen var tre gonger større enn dei som hadde tatt AstraZeneca-vaksinen, skriv BBC.

Léo Grasset

Léo Grasset frå ein episode på YouTube-kanalen hans.

Foto: Skjermdump tatt frå YouTube 26.07.2021 / DirtyBiology

Byrået tilbaud han 2000 euro om han ville delta.

Den tyske youtubaren Mirko Drotschmann, som driv ein historiekanal med over 750.000 abonnentar, fekk same tilbod.

Mirko Drotschmann

Mirko Drotschmann frå ein episode på YouTube-kanalen hans.

Foto: Skjermdump tatt 25.07.2021 frå YouTube / MrWissen2go Geschichte

Fazze sa dei handla for ein klient som ynskja å vera anonym. Både Drotschmann og Grasset lèt som dei var interesserte for å prøva å finna ut meir.

Dei fekk beskjed om at dei ikkje skulle seia at videoen hadde ein sponsor, men at dei gav råd på bakgrunn av eiga bekymring.

Auke i vaksinemotstand

Kommunikasjonssjef for Pfizer i Noreg, Joachim Henriksen, seier til NRK at dei ser ein auke i vaksinemotstand og feilinformasjon om koronavaksinering.

– Både i Noreg og i andre land. Det spenner seg frå misforståingar og feil bruk av data, til direkte løgner. Sosiale medium er diverre veleigna til å spreia denne typen feilinformasjon, seier han.

Ansatte portrett Pfizer. Joachim Henriksen.

Joachim Henriksen, kommunikasjonssjef for Pfizer i Noreg.

Foto: Håvard Storvestre

– Nokre meiner openbert at det er meir freistande å dela lettvinte meiningar på sosiale medium enn å setja seg inn i kompliserte fakta basert på vitskap, held han fram.

Han meiner at kjeldekritikk no er viktigare enn nokon gong.

– Eg har stor forståing for at mange har spørsmål og leitar etter svar om vaksinering. Mi oppmoding er at alle som ynskjer seg meir informasjon om virus og vaksinering oppsøkjer truverdige kjelder og styrer unna kva naboen meiner på Facebook, seier han.

Pfizer-vaksinar

Marknadsføringsbyrået ville ha youtubarane til å seia at dødsraten for dei som hadde fått Pfizer-vaksinen var stor.

Foto: Martin Bureau / AFP

Avslørte kampanjen

Drotschmann og Grasset avslørte kampanjen frå «Fazze» på Twitter. Då forsvann artiklane.

I tweeten skriv Grasset:

«Det er rart. Eg har fått eit tilbod om å laga ein video som går ut på å svartmåla Pfizer-vaksinen. Enormt budsjett, sponsor som vil bli verande anonym og som ikkje vil at partnarskapet skal vera kjent. Dårleg etikk-karakter. Om de ser ein video om dette, då veit de i alle fall at det er ein del av ein kommunikasjonskampanje».

Léo Grasset. Twitter.
Foto: Skjermdump tatt frå Twitter 26.07.2021 / Léo Grasset

Sidan då har minst fire andre påverkarar i Frankrike og Tyskland gått offentleg for å avsløra Fazze sitt forsøk på å rekruttera dei.

Både BBC og The New York Times opplyser at to påverkarar, ein frå India og ein frå Brasil, begge har lagt ut feilinformasjonen til Fazze.

Starta etterforsking

Franske og tyske myndigheiter har starta etterforsking av selskapet.

The Guardian skriv at leiinga til Fazze kjem frå Moskva. Ifølgje BBC skal russaren Stanislav Fesenko vera mannen bak selskapet, men identiteten til den mystiske mannen skal framleis vera uklart.

Ifølgje The Guardian har franske medium peika på likskapar mellom Fazze sitt bodskap og Twitter-kontoen for den russiske Sputnik-vaksinen.

Den russiske ambassaden i London har avvist påstanden.

«Vi behandlar covid-19 som ein global trussel og er difor ikkje interesserte i å undergrava den globale innsatsen i kampen mot viruset. Å vaksinera menneske med Pfizer-vaksinen er ein av måtane å takla viruset».

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 21.09.2021
4 542
Smittede siste 7 dager
119
Innlagte
841
Døde
4 075 569
Vaksinerte

SISTE NYTT

Siste nytt