Hopp til innhold

Löfven håpar på betre lukke denne gongen

Statsminister Stefan Löfven er foreslått som ny statsminister i Sverige. Talmannen har gitt opp forsøket på å finne nokon andre. Löfven håpar den politiske stillingskrigen går mot slutten.

Stefan Löfven er den andre kandidaten talmannen har forslått som statsminister. Riksdagen skal røyste over forslaget om knappe to veker.

Arbeidet med å få på plass ei ny regjering etter valet i Sverige for snart to månader sidan har vist seg å vere svært vanskeleg.

Fredag formiddag presenterte talmann Anders Norlén neste steg i forsøket på å finne ut kven som skal styre landet. Han foreslår sitjande statsminister Stefan Löfven som ny statsministerkandidat og håpar Riksdagen kan røyste over forslaget 5. desember.

Betre lukke no?

Stefan Löfven sjølv er meir optimistisk no enn for få veker sidan, då han ikkje lukkast.

– Vi har andre føresetnader for å lukkast no. Samtalane vi har hatt den siste tida og det at vi no kan utelukke nokre alternativ hjelper, sa Stefan Löfven på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

– Med meldinga frå Annie Lööf i går har det skjedd viktige endringar, og nokre alternativ har blitt sett til side, sa talmann Anders Norlén tidlegare på dagen.

Torsdag informerte leiaren i Centerpartiet, Annie Lööf, talmannen om at ho gir opp forsøket på å danne ei regjering.

Annie Lööf og Andreas Norlen

Annie Lööf frå Centerpartiet fekk i oppdrag av talmannen Andreas Norlén å sjå om det er mogleg å danne ei ny regjering i Sverige. Ho valde å gi opp.

Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

Ho var den tredje partileiaren som har fått sonderingsoppdraget. Både Ulf Kristersson frå Moderaterna og Stefan Löfven har allereie prøvd, utan å lukkast.

– Eit nytt sonderingsoppdrag ville vere for svakt, sa Norlén under sin pressekonferanse.

Han sa at stemninga i landet krev at det snart skjer noko i regjeringsspørsmålet.

Håper på ny driv

– Eg kjem til å arbeide hardt for at vi skal få til ei handlekraftig regjering som kan ta innover seg utfordringar som Sverige står overfor, sa Löfven nokre timar seinare.

Löfven er formelt den andre kandidaten talmannen forslår som statsminister.

Onsdag i førre veke stemde eit fleirtal i Riksdagen i mot forslaget Ulf Kristersson som statsminister.

– Ei slik kunngjering gir kandidaten klare drivkrefter til å søkje støtte for kandidaturet sitt før røystinga, sa Norlén, men ville ikkje spekulere i kor stor sjanse Löfven har til å lukkast.

Vanskeleg samarbeid

Ved å setje meir press på Löfven håpar talmannen at dei fastlåste posisjonane skal bli mjuka opp, og at det kan bli reelle forhandlingar om samarbeid.

Ingen av dei to tradisjonelle blokkene i svensk politikk fekk fleirtal i Riksdagen ved valet i september. Grunnen er at Sverigedemokraterna fekk stor oppslutnad.

Centerpartiet og Liberalerna, i den borgarlege Alliansen, har avvist alt samarbeid med Sverigedemokraterna, medan Sverigedemokraterna krev innverknad på ei ny regjering, dersom dei skal stemme for den.

Også denne gongen er det Centerpartiet og Liberalerna som kan avgjere om Löfven blir godteken som statsminister, og om Sverige får ei ny regjering.

Alliansens partlidere: Annie Lööf, Ulf Kristersson, Ebba Busch Thor og Jan Björklund

Leiarane i Alliansepartia, Annie Lööf (C), Ulf Kristersson (M), Ebba Busch Thor (K) og Jan Björklund (L).

Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

Tre sjansar igjen

Dei folkevalde har i alt fire forsøk på å danne ei regjering i Sverige. Etter at Kristersson vart nedstemt i Riksdagen har dei berre tre sjansar igjen.

Ulf Kristersson

Ulf Kristersson frå Moderaterna fekk ikkje støtte i Riksdagen til å danne regjering med Kristdemokraterna.

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

Dersom Riksdagen vel å røyste i mot Löfven også, er det maks to til som kjem til å få sjansen. Klarar dei ikkje å bli samde, vert det utlyst nyval.

– Ein skal sjølvsagt ikkje frykte eit nyval, men ein skal heller ikkje truge med det, sa Kristersson, som ifølgje Sverige radio heldt ei tale for Moderaterna samtidig som talmannen heldt pressekonferanse.

– Eg trur at respekten blant veljarane, for at parti som er misnøgde med valresultatet ber folket om eitt nytt, er ganske liten.

Kristersson trur ikkje eit nyval løyser problemet, og han trur heller ikkje at ei samlingsregjering der Socialdemokraterna og Moderaterna deltek, er noko å satse på.

– Eg er redd ei brei samlingsregjering berre blir samde om å regjere, men elles ikkje får noko gjort, sa han.

Mens Löfven er optimistisk og seier det no er betre føresetnader for å diskutere politikk, ikkje forhandle. Å forhandle i media fører ikkje saka framover men han.

– Eg har full forståing for den frustrasjonen som folk kjenner over at dette har tatt alt for lang tid, seier Stefan Löfven.

SISTE NYTT

Siste nytt