
Den nederlandske filmskaparen Theo Van Gogh vart drepen av ein ekstrem islamist. (Scanpix-foto)
Drapsmannen Mohammed Bouyeri er ein 27 år gammal ekstrem islamist, og han har tilstått drapet. Han bad også om å bli dømd til døden.
Mohammed Bouyeri er nederlandsk statsborgar med marokkansk bakgrunn.
Islam-kritisk
Filmskaparen Theo van Gogh hadde laga fleire filmar der han sette islam og det multikulturelle nederlandske samfunnet i eit kritisk lys.
Det var 2. november i fjor at den omstridde filmregissøren vart først skoten, og deretter stukken med kniv, midt på lyse dagen i sentrum av hovudstaden Amsterdam.
- Terrorangrepet på Theo van Gogh har gjort at folk i Nederland kjenner seg utrygge. Det er berre ei passande straff i denne saka, fengsel på livstid, sa dommaren Udo Willem Bentinck då han las opp dommen.
Bouyeri kom til retten i dag i ein grå arabisk kjortel og eit palestinaskjerf rundt hovudet. Han nikka då han fekk dommen forkynt, takka forsvararen sin og forlet rettssalen utan å møte blikka til van Gogh sine slektningar.
Truslar
Han vart også dømd for å ha trua den 27 år gamle liberale parlamentsmedlemen Ayan Hirsi Ali, og dermed hindra henne i å utføre arbeidet sitt. Han vart også dømd for drapsforsøk på fleire polititenestemenn og fleire menneske som var i nærleiken då drapet vart utført, dessutan for ulovleg innehav av skytevåpen.
Theo van Gogh var ein fjern slektning av den vidgjetne 1800-tals-målaren Vincent Van Gogh. Saman med Ayaan Hirsi Ali laga han filmen "Submission" (Underkasting), der islam blir sett i samanheng med misbruk og undertrykking av kvinner.
I dekning
Filmen førte til sterke reaksjonar i det islamske miljøet i Nederland.
Etter drapet på van Gogh måtte Hirsi Ali gå i dekning i tre månader, etter at drapsmannen festa ein lapp på liket med direkte truslar mot henne og andre politikarar.