- Mulla Omar lovar å halde fram den heilage krigen heilt til Afghanistan er frigjort, og den rette islamske læra er gjeninnført i landet, melde Al Jazeera i ei nyheitsoppdatering i kveld.
TV-stasjonen, som sender frå Qatar, viste fram eit brev som skal vere frå mulla Omar, den øvste leiaren for dei tidlegare makthavarane i Afghanistan, Taliban. Brevet var datert 11. september, melder nyheitsbyrået Reuters.
Nyheitsopplesaren i Al Jazeera sa ikkje noko om korleis stasjonen hadde fått tak i meldinga frå mulla Omar, eller kvar han held til.
Den noverande presidenten i Afghanistan, Hamid Karzai, har tidlegare sagt at han er sikker på at mulla Omar er i live, og at det var Omar som stod bak attentatet mot han sist veke.
Mulla Omar oppheld seg truleg i dei vanskeleg tilgjengelege fjellområda i grenseområdet mellom Afghanistan og Pakistan.