Hopp til innhold

Livsteikn frå kidnappa hjelpearbeidarar i Somalia

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Den danske hjelpearbeidaren og hans amerikanske kollega, som blei kidnappa i Somalia førre veke, har det etter forholda bra.

Danske Poul Hagen Thisted (60) og amerikanske Jessiva Buchanan (32) arbeidde for hjelpeorganisasjonen Dansk Flyktningehjælp i Somalia då dei blei bortførde tysdag førre veke.

Søndag var Dansk Flykningehjælp i kontakt med dei to.

– Eg har fått veta at det har vore kontakt. Eg er glad for å kunne fortelja at både Poul og Jessica har det godt, trass i omstenda, opplyser Ann Mary Olsen, sjef for den internasjonale avdelinga i Dansk Flyktningehjælp, ifølgje berlingske.dk.

Ber somaliske klanar om hjelp

Thisted og Buchanan blei kidnappa av væpna menn i byen Galkayo, der dei var på eit feltbesøk for å følgja opp eit prosjekt som danske Thisted står i spissen for.

Seinare har det kome meldingar om at ei gruppe piratar held dei to som gislar ein stad langs kysten av Somalia.

Dansk Flykningehjælp jobbar no iherdig får å få dei to gislane fri. Dei har bede om hjelp frå både lokale leiarar og representantar for somaliske klanar i landet.

Piratar drepne i skotveksling

Ifølgje nettstaden Somalia report blei to piratar drepne og tre andre såra i ein skyteepisode i helga.

Det har blitt sagt at skotvekslinga oppstod som følgje av ein kamp om gislane, men leiaren for dei somaliske regionane Hibin og Heb, Mohamed Adan, har tilbakevist dette.

– Akkurat no er dei to fangane i byen Harardhere. Piratane vil ikkje opphalda seg i store byar, seier Adan til Somalia Report.

Dette er den andre bortføringa av hjelpearbeidarar i Somalia denne månaden.

I tillegg skal militante islamistar frå Somalia stå bak fleire kidnappingar i nabolandet Kenya den siste tida.



SISTE NYTT

Siste nytt