Hopp til innhold

Stille på børsen etter storstilt nedgradering

Fredag vart over halve eurosona nedgradert av Standard & Poor's. Men på den første børsdagen etter nedgraderinga er det få teikn på pessimisme i marknaden.

FRANCE-ELECTIONS-FG-MELENCHON france-elections-fg-melenchon

Franske venstreradikale demonstrerer utanfor kontoret til S&P etter at Frankrike vart nedgradert på fredag.

Foto: PATRICK KOVARIK / Afp

Fredag vart Frankrike eit av stadig fleire land som blir nedgradert av kredittratingbyrået Standard & Poor's. Landet som frå før var rekna i den tryggaste kategorien må også no dele lagnad med andre gjeldstyngde europeiske land.

Same dag vart også Austerrike, Malta, Slovakia nedjustert med eitt hakk, medan Kypros Italia, Portugal og Italia vart nedgradert to hakk.

Men trass i nedgraderinga er det lite reaksjonar på børsen måndag.

Lite har skjedd etter USA-nedgradering

Det var teikn til lett panikk då kredittratingbyrået Standard & Poor's i sommar nedgraderte USA sin statsgjeld. Det vart spådd at rentene på statsobligasjonane ville skyte til vêrs, og at det økonomiske uføret USA var i ville forverre seg kraftig.

Men det motsette har skjedd. Rentene på statsobligasjonane har om lag halvert seg. 5. august måtte amerikanarane betale rente på 2,58 prosent på statsobligasjonane med frist på 10 år. No er renta på under to prosent.

No er mange land i Europa også råka av nedgraderinga av ratingselskapet. Spørsmålet er om dei europeiske landa likeins med USA vil klare å overtyde marknaden om at gjeldssituasjonen er under kontroll, eller om dei vil gå i Hellas sine fotspor med massiv auke i lånekostnadene.

Trygve Hegnar i retten februar 2008

Trygve Hegnar meiner det nedgraderinga i Frankrike vil ha lite innverknad på Noreg.

Foto: Terje Bendiksby, Bendiksby, Terje / Scanpix

– Det var ingen som tok nedgraderinga i USA alvorleg, seier Trygve Hegnar til NRK.no.

Hegnar meiner situasjonen i Europa er annleis, sidan USA har høve til å styre si eiga seddelpresse.

– Det var grunngitt med den politiske prosessen. Ingen trudde den gongen at USA sin økonomi var vesentleg annleis.

Marknaden avventar

– Normalt vil eg seie det er veldig alvorleg at Frankrike vart nedgradert. Men marknaden vil avgjere kva som skjer, seier Hegnar.

Så langt er det lite svingingar på den første børsdagen etter nedgraderinga. Dei største europeiske indeksane er meir eller mindre i null. Hegnar trur marknaden førebels er avventande til nedgraderinga.

– Det er kanskje mindre alvorleg at 9 land blir nedgradert samtidig. Då seier folk «javel, liksom». Marknaden har ikkje bestemt seg heilt enno.

Hegnar trur førebels ikkje at nedgraderinga vil ha umiddelbare konsekvensar for norsk økonomi, men at faren for ein svakare euro kan vere uheldig for norsk eksport.

SISTE NYTT

Siste nytt